1Joab Serujason skyna at kongen endå var glad i Absalom. 2Han sende då bod til Tekoa og henta ei sløg kona derifrå og baud henne: «Te deg som du hev sorg! Klæd deg i syrgjebunad! Smyr deg ikkje med olje! Te deg som ei kvinna som hev syrgt på ein avliden i lang tid! 3Gakk so inn til kongen og tala til honom desse ordi!» - Joab lagde henne ordi i munnen. 4Tekoa-kona tala til kongen, fall å gruve ned på jordi og bøygde seg, og ropa: «Hjelp, konge!» 5Kongen spurde: «Kva er i vegen med deg?» Ho svara: «Å, eg er ei syrgjande enkja; mannen min er dåen. 6Tenestkvinna di hadde tvo søner. Dei kom i trætta med kvarandre ute på marki; og det var ingen til å skilja deim; den eine gav då bror sin banehogg. 7No ris heile ætti upp mot tenestkvinna di og krev: «Hit med brormordaren! Me vil drepa honom til hemn for han myrde bror sin! So fær me rudt ervingen or vegen med same!» Og soleis vil dei sløkkja den siste voni eg hev att i livet, og meinka mannen min både ettermæle og avkjøme her på jordi.» 8Kongen sagde til kona: «Far heim! eg skal greida saki for deg.» 9Men Tekoa-kona svara kongen: «Herre konge! På meg og på farsætti mi kvile all skuldi! Men kongen og kongsstolen lyt vera utan skuld!» 10Då sagde kongen: «Segjer nokon eitkvart med deg, so kom hit med honom! han skal ikkje gjera deg mein ein gong til.» 11Ho sagde: «Kom i hug Herren, din Gud, konge, so blodhemnaren ikkje skal auka ulukka og rydja son min or vegen.» Då sagde han: «So sant Herren liver, ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet åt son din!» 12Då tok kona til ords: «Lat tenestkvinna di endå få lov å segja eit ord med deg, herre konge!» Han svara: «Seg det!» 13«Kvifor hev du tenkt so vondt mot Guds folk?» sagde kona; «når kongen talar so, då er det som um han hev dømt seg sjølv, med di kongen let ikkje sin burtstøytte son koma heim att. 14Vist lyt me alle døy. Men likjest på vatnet som vert utrent på marki, og som ein ikkje kann samla upp att. Men Gud let ingen døy, utan han tenkjer ut alt som tenkjast kann til å berga den burtstøytte so han ikkje vert burtstøytt frå honom. 15Eg er komi til å tala desse ordi med deg no, herre konge, av di skyldfolket mitt hev skræmt meg. Tenestkvinna di kom i hug: «Eg vil tala med kongen; kann henda kongen vil gjera det eg bed um. 16Ja, kongen vil lyda på tenestkvinna si, og berga meg frå den som vil rydja or vegen både meg og son min or Guds eige folk.» 17Og tenestkvinna di tenkte: «Eit ord frå deg, herre konge, vil gjera meg sutlaus! For du, herre konge, er som Guds engel, med di du høyrer alt både godt og vondt.» So vere Herren, din Gud, med deg!» 18Då tok kongen åt ords og sagde til kona: «Svara meg ope og ærleg på det som eg no spør deg!» Ho svara: «Seg det, herre konge!» 19Kongen spurde: «Hev ikkje Joab si finger med i dette spelet?» Kona svara: «So sant som du liver, herre konge, når du talar, herre konge, kann ingen koma undan anten til høgre eller vinstre. Jau, det er Joab, tenaren din, som hev lagt dette på meg, og lagt tenestkvinna di i munnen alt det eg hev sagt. 20Joab, tenaren din, hev gjort det, av di han vilde få saki til å sjå onnorleis ut. Men du, herre, er vis som Guds engel, so du veit alt som hender på jordi.» 21Kongen sagde då til Joab: «Godt og vel! eg skal so gjera. Far av og før heim den unge mannen, Absalom!» 22Då fall Joab å gruve, bøygde seg til jordi og velsigna kongen. Joab sagde: «I dag skynar tenaren din at du, herre konge, eig godvilje for meg, sidan du, konge, gjer det eg bed um.» 23Joab reis upp og drog til Gesur, og førde Absalom til Jerusalem. 24Kongen gav det bodet: «Han lyt ganga heim til seg sjølv. For mine augo skal han ikkje koma.» So gjekk Absalom heim til seg sjølv, og kom ikkje kongen for augo. 25I heile Israel beid ikkje maken til Absalom so væn, og ingen so namngjeten; det beid ikkje lyte på honom frå kvervel til iljar. 26Når han klypte håret på hovudet sitt - det gjorde han på slutten av kvart år; for det var so tungt at han laut klyppa det - då vog dei håret hans, og fann at det vog tvo hundrad lodd etter kongens vegt. 27Absalom hadde tri søner og ei dotter; ho heitte Tamar og var fager å sjå til. 28Då Absalom hadde halde seg tvo år i Jerusalem og ikkje kome kongen for augo, 29sende han bod etter Joab, var meint å senda honom til kongen. Men han vilde ikkje koma. Andre gongen sende han bod; han vilde ikkje koma. 30Då sagde han med tenarane sine: «De veit at Joab hev ein åkerteig ved sida av min; og der hev han bygg. Far dit og kveik eld på!» So kveikte drengjerne åt Absalom eld på åkerteigen. 31Joab for upp og gjekk heim til Absalom: «Kvi hev drengjerne dine kveikt eld på åkerteigen min?» spurde han. 32«Eg sende då bod etter deg,» svara Absalom, «og bad deg koma hit, so eg kunde senda deg til kongen med desse ordi: «Kvifor fekk eg koma heim frå Gesur? det vøre betre for meg um eg hadde halde meg der framleides.» No vil eg fram for kongen. Er eg saka i nokor illgjerning, so fær han drepa meg.» 33Då gjekk Joab til kongen og melde honom det. Kongen kalla då til seg Absalom; og han kom inn til kongen, kasta seg å gruve for honom og bøygde seg til jordi framfor kongen. Og kongen kysste Absalom.