1Det hende seg året etter, den tid då kongarne plar fara i herferd, då sende David Joab av stad, og alle herhovdingarne som var under honom og heile Israel, og dei herja Ammonitarlandet og kringsette Rabba. Sjølv heldt David seg heime i Jerusalem. 2No bar det so til ein dag ved kveldstid David reis upp frå kvila si og gjekk og dreiv på taket på kongshalli, at han såg frå taket ei kona som lauga seg. Kona var ovleg væn å sjå til. 3David let spyrja etter kven kona var. Han fekk til svar: «Det er Batseba Eliamsdotter, kona åt hetiten Uria.» 4David sende nokre folk og let henta henne. Ho kom upp, og han låg med henne. Ho hadde nett helga seg etter ho hadde vore urein. Og so for ho heim att. 5Kona vart med barn. Ho sende bod og melde David at ho var med barn. 6David sende då det bodet til Joab: «Send hit hetiten Uria!» Joab sende Uria til David. 7Då Uria kom inn til honom, spurde David korleis Joab og heren hadde det, og kor det gjekk i krigen. 8So sagde David med Uria: «No kann du ganga heim og lauga føterne dine.» Då Uria gjekk frå kongshalli, fylgde ei kongsgåva etter honom. 9Men Uria lagde seg ved inngangen til kongshalli saman med alle kongstenarane; han gjekk ikkje heim. 10David fekk vita at Uria ikkje var gjengen heim. Då sagde David med Uria: «Du kjem då frå ei utferd! Kvifor gjeng du ikkje heim?» 11Uria svara: «Kista og Israel og Juda bur no i buder; Joab, herren min, og folket hans ligg i læger ute på marki. Og so skulde eg ganga heim og eta og drikka og liggja med kona mi? So sant Herren liver, og so sant du liver: dette gjer eg ikkje!» 12Då sagde David med Uria: «Stana her i dag og! So vil eg i morgon senda deg av stad.» Uria stana i Jerusalem den dagen og næste dag. 13David bad honom til seg, til å eta og drikka med seg; og han drakk honom drukken. Men um kvelden gjekk han av og lagde seg til kvile med kongstenarane; heim gjekk han ikkje. 14Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria. 15I brevet skreiv han: «Set Uria lengst framme, der som striden er hardast. Røm so undan frå honom, so han fær banehogg!» 16Joab heldt på og kringsette byen. Då sette han Uria på den staden, der han visste han møtte dei djervaste kararne. 17Byfolket gjorde utfall og slost med Joab. Det fall då nokre av folket, av mannskapet åt David; hetiten Uria fekk og banen sin der. 18Joab sende melding til David um korleis det hadde gjenge i slaget. 19Og han gav sendemannen den fyresegni: «Når du er ferdig med å melda kongen alt um striden, 20og so harmen kjem upp hjå kongen, og han spør deg: «Kvifor kom de so nær byen i striden? de måtte då vita at dei vilde skjota på dykk ovantil frå muren! 21Kven var det som vart banen hans Abimelek Jerubbesetsson? Ei kona som kasta ein kvernstein i hovudet på honom ovanfrå muren! Det vart banen hans, der i Tebes! Kvifor kom de so nær muren?» - so skal du fortelja: «Tenaren din, hetiten Uria, fekk og banen sin.»» 22Mannen gjekk og melde David alt det Joab hadde bode honom. 23Mannen fortalde for David: «Kararne gjekk hardt på og drog ut mot oss i opi mark. Men me slo deim attende til byporten. 24Då skaut bogeskyttarane på tenarane dine ovanfrå muren, so nokre av kongsmennerne dine fekk sin bane; tenaren din, hetiten Uria, fekk og sin bane der.» 25David svara sendemannen: «So skal du svara Joab: «Gjer deg inkje ilt av dette! sverdet øyder so ein, so hin! Berre gakk på byen med større styrke, og riv honom ned til grunns!» Styrk hugen hans med dei ordi!» 26Då kona hans Uria spurde at mannen hennar var fallen, øya og gret ho yver husbonden sin. 27Då syrgjetidi var ute, sende David bod og let henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og ho åtte ein son. Men det David hadde gjort, var ilt i Herrens augo.