1Saul var dåen, og David var attkomen frå sigeren yver Amalek og hadde halde seg i Siklag tvo dagar. 2Då hende det seg tridje dagen at han fekk sjå ein mann kom springande frå Sauls-lægret med sundrivne klæde og mold på hovudet. Då han kom burtåt David, fall han å gruve til jordi. 3David spurde honom: «Kvar kjem du ifrå?» Han svara: «Eg hev kome meg undan frå Israels-lægret.» 4«Kor hev det gjenge?» spurde David, «seg meg det!» Han svara: «Folket rømde frå striden, mange av herfolket fall og døydde; Saul og Jonatan, son hans, er døydde og.» 5David spurde sveinen som kom med tidendi: «Kor veit du at Saul og Jonatan, son hans, er daude?» 6Då svara tidendsveinen: «Av eit hende høvde eg til å koma upp på Gilboafjellet og fekk sjå Saul studde seg til spjotet sitt, medan stridsvognerne og hestfolket sette inn på honom. 7Han vende seg og såg meg, og ropte på meg, og eg svara ja; 8Han spurde meg kven eg var; eg svara eg var ein amalekit. 9So bad han meg: «Kom hit og drep meg! eg hev fenge baneridi, alt med det endå er liv i meg.» 10Eg gjekk då fram og gav honom banestyngen. Eg skyna han kunde ikkje liva når han stupte. Eg tok so hovudgullet og ein armring av honom og bar hit til deg, herre!» 11Då tok David og reiv sund klædi sine. Sameleis gjorde alle fylgjesveinarne hans. 12Dei øya og gret og fasta alt til kvelden, for di Saul og Jonatan, son hans, og Herrens folk og Israels ætt hadde falle for sverd. 13David spurde tiendsveinen: «Kvar er du ifrå?» Han svara: «Framandmanns son, amalekit er eg.» 14Då sagde David med honom: «Kor våga du leggja hand på den som Herren hev salva, og drepe honom?» 15Og David ropa på ein av sveinarne sine og sagde: «Hit, og hogg honom ned!» Og han gav honom banehogg. 16«Ditt blod kome yver ditt hovud,» sagde David; «din eigen munn vitna mot deg då du sagde: «Eg hev drepe honom som Herren hadde salva.»» 17David kvad eit syrgjekvæde yver Saul og Jonatan, son hans 18han baud dei skulde læra Juda-borni «Kvædet um bogen», det finst uppskrive i boki åt den rettvise: 19Israels prydnad! drepen ligg du på haugarne dine! Ai ei! falne er kjemporne dine! 20Gjet det ikkje i Gat! Lat deim ikkje gleda seg i Askalons-gatorne, so ikkje filistardøtter skal frygda seg og døtter av u-umskorne fegnast! 21Og Gilboafjell! gjev dogg og regn ei må falla på dykk! og ingen åke gro med offergåvor! Der kasta kjemporne skjoldarne frå seg. Skjolden åt Saul - aldri med olje han meir vert smurd! 22Av bøygde aldri Jonatans boge frå blod åt falne, frå feitta åt kjempor. Og aldri kom sverdet hans Saul kom att med ugjort! 23Saul og Jonatan, elska og ljuvlege, uskiljande både i liv og daude! snøggare var dei enn ørnar, sterkare var dei enn løvor. 24Israels døtter! Gråt for Saul, han som klædde dykk i yndeleg skarlak, han som prydde med gull dykkar klæde! 25Ai ei! kjemporne fall i striden! Jonatan, drepen ligg han på haugarne dine! 26Sårt eg deg syrgjer, Jonatan, bror min! Utifrå yndeleg var du for meg. Kjærleiken din kjærare var meg enn kvende-elsk. 27Ai ei! at kjempor fall, og båe strids-sverdi øyddest!