1Profeten Elisa kalla til seg ein av profetsveinarne: «Bitt ikring deg beltet, tak denne oljeflaska med deg og gakk til Ramot i Gilead! 2Når du kjem dit, skal du leita upp Jehu, son åt Josafat Nimsison. Gakk burtåt honom, bed honom risa upp midt millom brørne sine, og før honom inn i det inste kammerset! 3So skal du taka oljeflaska og renna oljen yver hovudet hans med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg hev salva deg til konge yver Israel!»» Dermed skal du opna døri og fly på fljugande flekken.» 4Guten, profetsveinen, gjekk til Ramot i Gilead. 5Då han kom tid, fann han herførarane samla. «Eg kjem med eit bod til deg, herførar,» sagde han. «Til kven av oss?» spurde Jehu. «Til deg sjølv, herførar,» sagde han. 6Han reis upp og gjekk inn i huset. Der slo han olje yver hovudet hans med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg hev salva deg til konge yver Herrens folk, yver Israel. 7Slå i hel ætti åt Ahab, herren din! Eg vil hemna blodet åt profetarne, tenarane mine, ja, blodet åt alle Herrens tenarar hemnar eg på Jezabel. 8Øydast skal heile Ahabs hus. Rydja ut vil eg kvart karmannsemne av Ahabs-ætti, ufri og fri, innan Israel. 9Eg fer med Ahabs hus som med huset åt Jerobeam Nebatsson og med huset åt Baesa Ahiason. 10Hundarne skal eta upp Jezabel på Jizre’els-vangen; ingen skal jorda henne.»» Dermed opna han døri og flydde. 11Då Jehu kom ut att til hermennerne, spurde dei honom: «Er noko på ferd? Kva var det denne skrullingen vilde deg?» Han svara deim: «De kjenner då sjølve den mannen og skravlet hans!» 12«Din ljugar!» sagde dei, «seg oss det no!» Då sagde han: «So og so tala han til meg med dei ordi: «So segjer Herren: Eg hev salva deg til konge yver Israel.»» 13Straks tok dei kvar si kappa og breidde under honom på sjølve troppestigi. So bles dei i luren og ropa: «Jehu er konge!» 14Soleis fekk Jehu, son åt Josafat Nimsison, i stand ei samansverjing mot Joram. Joram og heile Israel skulde verja Ramot i Gilead mot syrarkongen Hazael; 15men sjølv hadde kong Joram fare attende til Jizre’el og vilde få lekt dei såri han hadde fenge av syrarane i slaget mot syrarkongen Hazael. Jehu sagde: «Um det tykkjer som eg, må ikkje ein einaste sleppa ut or byen og bera tiendi til Jizre’el!» 16Dermed steig Jehu upp i vogni si og køyrde til Jizre’el; der låg Joram sjuk, og Juda-kongen Ahazja var komen dit ned og vilde sjå um Joram. 17Då vaktmannen uppi tårnet i Jizre’el såg Jehu-skreidi koma, ropa han: «Eg ser ei skreid!» Då baud Joram: «Få tak i ein ridar, og send honom til møtes med deim, til å spyrja deim um dei kjem for det gode.» 18Ridaren reid til møtes med honom og ropa: «Kongen spør: «Kjem du for det gode?»» «Kva skil det deg?» svara Jehu; «snu um og fylg etter meg!» Vaktmannen melde: «Sendebodet hev nått deim, og kjem ikkje attende.» 19Han sende so ein annan ridande. Då han nådde deim, ropa han: «Kongen spør: «Kjem du for det gode?»» «Kva skil det deg?» svara Jehu; «snu um og fylg etter meg!» 20Vaktmannen melde: «Han nådde deim og kjem ikkje attende. Køyrsla svipar på Jehu Nimsison; for han køyrer som ein galning.» 21«Beit fyre!» sagde Joram. Dei beit fyre vogni hans. So drog Joram, Israels-kongen, ut, og Ahazja, Juda-kongen, sameleis, kvar på si vogn; dei køyrde ut til møtes med Jehu, og råka honom på odelsjordi hans Nabot frå Jizre’el. 22Då no Joram fekk sjå Jehu, ropa han: «Kjem du for det gode, Jehu?» Han svara: «Kor kann eg koma for det gode, so lenge Jezabel, mor di, fær driva horskapen og trollskapen sin?» 23Då snudde Joram um og rømde, med han ropa til Ahazja: «Svikferd, Ahazja!» 24Men Jehu treiv bogen sin og skaut Joram millom herdarne, so pili gjekk ut gjenom hjarta hans, og han seig ned i vogni. 25So sagde han til Bidkar, hermannen sin: «Tak og kasta honom på odelsmarki åt Nabot frå Jizre’el! Kom i hug den gongen eg og du reid jamsides etter Ahab, far hans, kor Herren bar upp dette domsordet yver honom: 26«So visst som eg såg Nabots blod og blodet av sønerne hans i går, segjer Herren: sanneleg, nett på denne odelsmarki skal eg gjeva deg likt for like!» Tak då og kasta honom på odelsmarki, etter Herrens ord!» 27Då Ahazja, kongen i Juda, såg det, rømde han på vegen til Hagehuset. Jehu sette etter honom og ropa: «Han og! skjot honom i vogni!» Dei råka honom, med han køyrde på fjellvegen til Gur, nær attmed Jibleam. Han rakk so langt som til Megiddo; der døydde han. 28Tenarane hans køyrde honom til Jerusalem, og jorda honom i fedregravi hans i Davidsbyen. 29I det ellevte styringsåret åt Joram Ahabsson var det Ahazja vart konge yver Juda. 30Då Jehu kom til Jizre’el, og Jezabel spurde det, sminka ho augo og sette hovud-prydnad på seg og gav seg til å sjå ut gjenom vindauga. 31Då Jehu køyrde inn gjenom porten, helsa ho: «Gjeng det vel for Zimri, som myrde herren sin?» 32Han såg upp mot vindauga og ropa: «Kven er med meg? kven?» Då tvo, tri hirdmenner skyngde ned til honom, 33sagde han: «Kasta henne ned!» Dei kasta henne ned, og blodet hennar spruta utyver veggen og på hestarne; og dei trakka henne ned. 34So gjekk han inn og åt og drakk. Sidan baud han: «Sjå etter denne forbanna kvinna, og grav henne ned! Ho er då kongsdotter.» 35Då dei skulde til å gravleggja henne, fann dei inkje att av henne anna hausen og føterne og henderne. 36Då dei kom att og melde honom det, sagde han: «So var Herrens ord, som han tala ved tenaren sin, Elia frå Tisbe: «På Jizre’els-vangen skal hundarne eta Jezabels kjøt; 37liket åt Jezabel vert til møk på marki på Jizre’els-vangen, so ingen kann segja: Dette er Jezabel!»»