1Elisa sagde med mor åt den guten han hadde gjort livande: «Ferda deg til, og far burt, du og huslyden din, og set bu kvar helst det buande er! for Herren hev sendt bod etter hungersnaudi, ho er alt komi og skal vara sju år.» 2Kona ferda seg til, og gjorde som gudsmannen sagde. Ho og huslyden hennar for ut, og sette bu i Filistarlandet i sju år. 3Då dei sju åri var lidne, kom ho attende frå Filistarlandet. Og gav seg i veg til kongen til å beda um å få att heimen og jordeigedomen sin. 4Kongen heldt just på å tala med Gehazi, drengen åt gudsmannen, og bad honom fortelja um alle dei storverki Elisa hadde gjort. 5Medan han heldt på og fortalde kongen korleis han gjorde den daude guten livande, nett i det same kom mor åt den guten og bad kongen um heimen og jordeigedomen sin. «Herre konge!» sagde Gehazi, «der er kona; og der er son hennar, som Elisa gjorde livande.» 6Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. So let kongen henne få ein av hirdmennerne med seg og baud honom: «Hjelp henne til å få att alt som høyrer henne til, og all avlingi av eigedomen frå den dagen ho for frå landet og til no!» 7Elisa kom til Damaskus, medan syrarkongen Benhadad låg sjuk. Då kongen spurde at gudsmannen var komen dit, 8sagde han med Hazael: «Tak med deg gåvor, gakk til møtes med gudsmannen og spør Herren gjenom honom um eg skal koma meg av denne sjukdomen.» 9Hazael so gjorde, tok med seg gåvor, alt det likaste som i Damaskus var, so mykje som fyrti kamelar kunde bera. Han gjekk fram for Elisa og sagde: «Son din, syrarkongen Benhadad, sender meg til deg og spør um han skal koma seg av denne sjukdomen.» 10Elisa svara honom: «Du kann segja med honom at han skal koma seg. Men Herren syner meg at han skal døy.» 11Medan han stod framfyre honom og nistirde, sette gudsmannen i og gret. 12«Kvifor græt du, herre?» spurde Hazael. «For di eg veit kor mykje ilt du vil gjera mot Israels-borni,» svara han; «dei faste byarne set du eld på, unggutarne deira myrder du med sverd, småborni krasar du, og barnkonorne skjer du upp.» 13Hazael sagde: «Korleis kann vel tenaren din, slik ein hund som eg er, gjera sovorne storverk?» Elisa svara: «Herren hev synt meg at du vert konge yver Syria.» 14Han gjekk då frå Elisa heim att til herren sin. «Kva sagde Elisa med deg?» spurde han. «Han sagde med meg at du skal verta god att.» 15Men so dagen etter tok han eit åklæde, duppa det i vatn og breidde det yver andlitet hans; det vart banen hans. Og Hazael vart konge etter honom. 16I femte styringsåret åt Israels-kongen Joram Ahabssons, medan Josafat var konge i Juda, vart Joram Josafatsson konge i Jerusalem. 17Tvo og tretti år gamall var han då han vart konge, og åtte år var han konge i Jerusalem. 18Han for fram liksom Israels-kongarne og Ahabs hus; for han var gift med ei dotter til Ahab. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo. 19Men Herren vilde ikkje tyna Juda for sin tenar David skuld, etter di han hadde lova honom at det alle dagar skulde lysa ei lampa for honom og sønerne hans. 20I hans tid reiv edomitarne seg laus frå Juda og kåra seg ein konge. 21Då drog Joram av til Sa’ir med alle stridsvognerne sine. Og han tok um natti og slo edomitarne som kringsette honom, og hovudsmennerne yver vognerne, og herfolket flydde heim. 22So kom edomitarne seg laus frå Juda, og er frie den dag i dag. Nett samstundes reiv Libna seg og laus. 23Det som elles er å fortelja um Joram og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. 24Joram lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine, i Davidsbyen. Ahazja, son hans, vart konge i staden hans. 25I det tolvte året åt Israels-kongen Joram Ahabsson vart Ahazja Joramsson konge i Juda. 26Tvo og tjuge år gamall var Ahazja då han vart konge; eitt år var han konge i Jerusalem. Mor hans heitte Atalja, dotter åt Israels-kongen Omri. 27Han gjekk i fotefari åt Ahabs hus, og gjorde det som vondt var i Herrens augo, etter gjerdi åt Ahabs hus; for han stod i skyldskap til Ahabs hus. 28Saman med Joram Ahabsson for han i herferd mot syrarkongen Hazael ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av syrarane. 29Kong Joram vende då attende til Jizre’el, og vilde få lækt dei såri han hadde fenge av syrarane, i slaget ved Rama mot syrarkongen Hazael. Og Juda-kongen Ahazja Joramsson drog ned og vilde sjå um Joram Ahabsson i Jizre’el, etter di han låg sjuk.