1I det tri og tjugande styringsåret åt Juda-kongen Joas Ahazjason vart Joahaz Jehuson konge yver Israel i Samaria, og han styrde i syttan år. 2Han gjorde det som vondt var i Herrens augo; han dreiv på med same synderne som Jerobeam Nebatsson, som han hadde forført Israel til; deim gav han ikkje upp. 3Herren vart brennande harm på Israel; han gav deim i henderne på syrarkongen Hazael og Benhadad Hazaelsson, heile hans stryringstid. 4Joahaz freista å blidka Herren, og Herren bønhøyrde honom, av di han såg den naudi syrarkongen førde Israel upp i. 5Herren gav då Israel ein frelsar, so dei slapp ut or syrarveldet, og Israels-borni fekk bu i hyttorne sine som fyrr. 6Like vel gav dei ikkje upp dei synderne som Jerobeams hus hadde forført Israel til; dei dreiv på sameleis; jamvel Astarte-bilætet fekk standa i fred i Samaria. 7Hazael hadde ikkje leivt meir folk åt Joahaz enn femti hestfolk, ti vogner, og ti tusund mann fotfolk. So ille hadde syrarkongen øydt deim ut, knasa deim som gov ved treskjingi. 8Det som elles er å fortelja um Joahaz, um alt det han gjorde og um hans storverk, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne. 9Joahaz lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joas, son hans, vart konge i staden hans. 10I det sju og trettiande styringsåret åt Joas, kongen i Juda, vart Joas Joahazson konge yver Israel, og han rådde i Samaria i sekstan år. 11Han gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje upp nokor av dei synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til; han dreiv på sameleis. 12Det som elles er å fortelja um Joas, um alt det han gjorde og um hans storverk, soleis um krigen han førde mot Amasja, kongen i Juda, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne. 13Joas lagde seg til kvile hjå federne sine, og Jerobeam steig upp i kongsstolen hans. Joas vart gravlagd i Samaria saman med Israels-kongarne. 14Då Elisa hadde fenge helsotti, gjekk Joas, kongen i Israel, ned til honom. Han bøygde seg yver honom, gret og ropa: «Far, far! du Israels vogner og ridarar!» 15Elisa sagde med honom: «Henta ein boge og piler!» Han henta deim til honom. 16Baud han so Israels-kongen: «Legg handi di på bogen!» Han so gjorde, og Elisa lagde sine hender på kongens hender. 17So sagde han: «Lat upp vindauga mot aust!» Då han det hadde gjort, sagde Elisa: «Skjot!» Og han skaut. Då sagde han: «Ei sigers-pil frå Herren! ei sigers-pil mot syrarane! Du skal slå syrarane i Afek og tyna deim heilt.» 18So sagde han: «Tak pilerne!» Då Israels-kongen hadde teke deim, sagde han til honom: «Slå på jordi!» Han slo tri gonger, og so slutta han. 19Då vart gudsmannen harm på honom. «Du skulde ha slege fem eller seks gonger,» sagde han; «so vilde du ha tynt syrarane heilt; no kjem du til å slå syrarane tri gonger.» 20Elisa døydde og vart gravlagd. Moabitarflokkar gjorde jamt røvarferder i landet ved nyårsbil. 21No hende det just som dei skulde jorda ein mann, at dei fekk sjå ein røvarflokk; so kasta dei mannen i Elisas grav. Og då mannen datt ned og kom innpå beini åt Elisa, so vart han livande att og reis upp på føterne. 22Syrarkongen Hazael heldt Israel i trælldom so lenge Joahaz livde. 23Men Herren miskunna deim og ynkast yver deim, og vende seg til deim for den pakt skuld som han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob; han vilde ikkje øyda deim ut og hadde ikkje endå kasta deim burt frå seg. 24Syrarkongen Hazael døydde, og Benhadad, son hans, vart konge i staden hans. 25Då tok Joas Joahazson att frå Benhadad Hazaelsson dei byarne som han hadde teke frå Joahaz, far hans. Tri gonger slo Joas deim, og tok soleis att Israels byar.