1I det sjuande styringsåret åt Jehu vart Joas konge, og fyrti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Sibja, frå Be’erseba. 2Joas gjorde alle sine dagar det som rett var for Herren, med di presten Jojada rettleidde honom. 3Berre vart offerhaugarne haldne ved lag; folket heldt ved å ofra slagtoffer og røykoffer på haugarne. 4Joas gav prestarne det bodet: «Alle pengarne som kjem til Herrens hus i heilage gåvor, ålgjengd mynt, og i løysepengar for einkvan, sameleis alle pengar som einkvan sjølvminnt gjev åt Herrens hus, 5dei skal prestarne taka imot, kvar av sine kjenningar, og nytta det til å setja i stand det som er forfalle i huset, all stad det finn ein brest.» 6Men i tri og tjugande styringsåret åt kong Joas hadde ikkje prestarne endå bøtt bresterne i huset. 7Kong Joas kalla då til seg presten Jojada og dei andre prestarne: «Kvifor hev de ikkje bøtt bresterne i Herrens hus?» spurde han; «heretter fær ikkje de taka imot pengar av kjenningarne dykkar; de skal lata deim frå dykk, til å bøta på huset.» 8Prestarne gjekk med på det, at dei skulde ikkje taka imot pengar av folket, og ikkje hava noko med å bøta huset. 9Presten Jojada tok ei kista, bora hol i loket og sette henne jamsides altaret på høgre sida av inngangen til Herrens hus. Og der lagde då prestarne som heldt vakt på dørstokken, alle pengar folk hadde med seg til Herrens hus. 10So snart dei såg at det var nøgdi av pengar i kista, gjekk kongens skrivar og øvstepresten dit upp, og knytte i hop alle pengarne som fanst i Herrens hus, talde deim 11og vog deim, og flidde deim åt tilsynsmennerne for arbeidarane ved Herrens hus; dei reidde deim ut til timbremennerne og bygningsmeistrarne som arbeidde på Herrens hus, 12og til murarane og steinhoggarane, like eins til innkjøp av trevyrke og hoggen stein, til å bøta brester i Herrens hus; stutt sagt: til alle utlogor ved hus-bøtingi. 13Derimot laga dei ikkje sylvfat til Herrens hus for dei pengarne som kom inn i huset, ikkje heller ljosesaksar, skålar eller trompetar av sylv, eller onnor tempelgogn av gull eller sylv; 14nei, alt vart gjeve til arbeidarane, og dei nytta det til å bøta Herrens hus. 15Dei kravde ingen rekneskap av deim som tok imot pengarne og gav deim til arbeidarane; dei fekk gjera det på tru og æra. 16Men pengar som kom inn for skuldoffer og syndoffer, vart ikkje lagde i Herrens hus; dei gjekk til prestarne. 17Den tid drog syrarkongen Hazael upp og hertok Gat. Hazael etla seg jamvel til ei ferd mot Jerusalem. 18Joas, Juda-kongen, tok då alle dei heilage gåvorne som Juda-kongarne Josafat, Joram og Ahazja, federne hans, hadde helga åt Herren, og sine eigne heilage gåvor, og alt gullet som fanst i skattkammeret i Herrens hus, og sende det til syrarkongen Hazael. Og då drog han burt frå Jerusalem. 19Det som elles er å fortelja um Joas og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. 20Hirdmennerne hans gjorde uppreist, samansvor seg og slo i hel Joas i Millo-bygnaden, som rekk ned mot Silla. 21Det var Jozakar Sim’atsson og Jozabad Somersson, hirdmennerne hans, som slo honom i hel. Han vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen; og Amasja, son hans, vart konge i staden hans.