1Etter Ahab var dåen, reiv Moab seg laus frå Israel. 2Ahazja låg sjuk, av di han hadde dotte ned millom handridet på loftstova si i Samaria. Han gjorde då av stad ei sendeferd og baud deim fara av og spyrja Ekronguden Ba’al-Zebub um han skulde koma seg av denne sjukdomen. 3Herrens engel sagde då til Elia frå Tisbe: «Gakk til møtes med sendeferdi frå Samaria og seg med deim: «Finst det ingen Gud i Israel, sidan de fer av og fretter Ekronguden Ba’al-Zebub? 4Difor, so segjer Herren: «Or sengi du er lagt i, skal du ikkje koma upp att; du skal døy.»»» Og Elia gjekk. 5Sendeferdi snudde dermed heim att til kongen. Han spurde: «Kvifor kjem de att?» 6Dei svara: «Det kom ein mann til møtes med oss. «Snu heim att til kongen som sende dykk,» sagde han, «og meld honom at so segjer Herren: «Finst det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og fretter Ekronguden Ba’al-Zebub? Difor, or sengi du er lagd i, skal du ikkje koma upp att; du skal døy.»»» 7Kongen spurde: «Korleis såg han ut, den mannen som møtte dykk og tale soleis med dykk?» 8«Han gjekk med hårkyrtel,» svara dei, «og hadde lerbelte kring livet.» «Det var Elia frå Tisbe,» sagde han. 9So sende han ein femtimanns-førar med sine femti mann til honom. Han kom upp til honom der han sat øvst på fjellet, og ropa til honom: «Du gudsmann, kongen byd deg koma ned!» 10Elia svara femtimanns-føraren: «So sant eg er ein gudsmann, so fare eld ned frå himmelen og øyde deg og dine femti mann!» Og det for ned eld frå himmelen og øydde både honom og dei femti han førde. 11So sende han til honom ein annan femtimanns-førar med sine femti mann. Han tok til ords og sagde til honom: «Du gudsmann, so segjer kongen: «Kom ned snøggast du kann!»» 12Elia svara: «So sant som eg er ein gudsmann, so fare eld ned frå himmelen og øyde deg og dine femti mann!» Det for då ned eld frå himmelen og øydde både honom og dei femti mann han førde. 13Då sende han ein tridje femtimanns-førar med femti mann til. Denne tridje femtimanns-føraren drog upp og fall på kne for Elia og naudbad honom: «Du gudsmann! lat mitt liv og livet åt desse femti tenarane dine vera dyrt i dine augo! 14Du veit at eld for ned frå himmelen og øydde båe dei fyrre førarane og deira femtimanns-tropp. Haldt no mitt liv dyrt!» 15Då sagde Herrens engel til Elia: «Gakk med honom! Ver ikkje rædd for honom!» So stod han upp og gjekk med honom til kongen. 16Og sagde til honom: «So segjer Herren: «Av di du gjorde av stad ei sendeferd til å fretta Ekronguden Ba’al-Zebub - nett som det ingen Gud vore i Israel til å spyrja um det - difor skal du ikkje koma upp or sengi du er lagd i; du skal døy!»» 17Og han døydde so som Herren tala ved Elia. Og Joram vart konge etter honom; for han hadde ingen son. Dette hende i andre styringsåret åt Juda-kongen Joram Josafatsson. 18Det som elles er å fortelja um Ahazja, det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.