1Sidan me då hev desse lovnaderne, mine kjære, so lat oss reinsa oss frå all ureinskap på kjøt og ånd og fullføra vår helging i Guds age! 2Gjev oss rom! Ingen hev me gjort urett, ingen hev me skadt, ingen hev me gjenge for nær. 3Ikkje til fordøming for dykk segjer eg dette; for eg hev sagt det fyrr, at de er i våre hjarto til å døy med oss og liva med oss. 4Stor er mi tiltru til dykk, stor er mi ros yver dykk, eg er fyllt med trøyst, eg er ovrik på gleda i all vår trengsla. 5For då me kom til Makedonia, hadde vårt kjøt ikkje heller ro, men me vart trengde på alle måtar; utantil var strid, innantil otte. 6Men Gud, som trøystar det nedtrykte, han trøysta oss ved Titus’ koma, 7men ikkje berre ved koma hans, men og ved den trøyst han var trøysta med yver dykk, med di han fortalde oss um dykkar lengting, dykkar gråt, dykkar ihuge for meg, so eg vart endå meir glad. 8For um eg og i brevet gjorde dykk sorg, so angrar eg det ikkje, um eg og fyrr angra det; for eg ser at det brevet gjorde dykk sorg, um og berre ei stund. 9No gled eg meg, ikkje for di de fekk sorg, men for di de fekk sorg til umvending; for de fekk sorg etter Gud, so de på ingen måte skulde hava skade av oss. 10For sorgi etter Gud verkar umvending til frelsa, som ingen angrar; men sorgi til verdi verkar daude. 11For sjå, dette same at de fekk sorg etter Gud, kor stor ihuge verka ikkje det hjå dykk, ja forsvar, ja harm, ja otte, ja lengting, ja brennhug, ja refsing! I alt viste de at de var reine i denne saki. 12Um eg då og skreiv til dykk, so var det ikkje for hans skuld som gjorde urett, eller for hans skuld som leid urett, men for di at dykkar umhug for oss skulde verta openberra hjå dykk for Guds åsyn. 13Difor er me trøysta. Og attåt vår trøyst kom den langt større gleda yver Titus’ gleda; for hans ånd er uppkveikt av dykk alle. 14For um eg til honom hev uttala meg med ros yver dykk, hev eg ikkje vorte til skammar; men liksom me hev tala alt til dykk med sanning, so hev og vår ros til Titus vorte sanning. 15Og hans kjærleik til dykk er endå sterkare, når han minnest lydnaden hjå dykk alle, korleis de tok imot honom med age og otte. 16Eg gled meg yver at eg i alt kann lita på dykk.