1Det er no tridje gongen eg kjem til dykk. Ved tvo og tri vitnemål skal kvar sak standa fast. 2Eg hev sagt det fyreåt og segjer det fyreåt, liksom då eg var nærverande andre gongen, soleis og no då eg er fråverande, til deim som fyrr synda og til alle dei andre, at når eg no kjem att, vil eg ikkje spara, 3sidan de krev eit prov på at Kristus talar i meg, han som ikkje er vanmegtig hjå dykk, men er sterk imillom dykk. 4For um han og vart krossfest i vanmagt, so lever han i Guds kraft; for me og er vanmegtige i honom, men me skal liva med honom i Guds kraft hjå dykk. 5Ransaka dykk sjølve, um de er i trui! prøv dykk sjølve! eller kjenner de ikkje dykk sjølve, at Jesus Kristus er i dykk, utan so er at de ikkje held prøva? 6Men eg vonar at de skal kjenna, at me ikkje er dei som ikkje held prøva. 7Men me bed til Gud, at de ikkje må gjera noko vondt, ikkje for di at me skal visa oss å halda prøva, men at de skal gjera det gode, men me vera som dei som ikkje held prøva. 8For me kann ikkje noko imot sanningi, men berre for sanningi. 9For me gled oss når me er vanmegtige, men de sterke; men dette bed me og um, at de må verta fullkomne. 10Difor skriv eg dette fråverande, so eg, når eg er nærverande, ikkje skal trenga til å vera streng etter den magt som Herren hev gjeve meg til uppbyggjing, ikkje til nedriving. 11Elles, brør, gled dykk, vert fullkomne, lat dykk påminna, ver samlyndte, ver fredsame, so skal kjærleiks og freds Gud vera med dykk. 12Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle dei heilage helsar dykk. 13Herren Jesu Kristi nåde og Guds kjærleik og den Heilage Andens samfund vere med dykk alle! 14