1Men eg, Paulus, legg dykk på hjarta ved Kristi spaklynde og godlynde, eg som framfor augo på dykk er audmjuk hjå dykk, men djerv mot dykk når eg er fråverande; 2men eg bed um, at eg ved mitt nærvære må sleppa å vera djerv med det frimod som eg tenkjer hugheilt å fara fram med imot sume, som dømer oss som um me ferdast etter kjøtet. 3For um me ferdast i kjøtet, strider me då ikkje etter kjøtet. 4For våre stridsvåpn er ikkje kjøtlege, men megtige for Gud til å støyta ned festningar, 5med di me støyter ned tankebygningar og all høgd som reiser seg imot kunnskapen um Gud, og tek all tanke til fange under lydnaden mot Kristus 6og er ferdige til å refsa all ulydnad, når dykkar lydnad fyrst er fullkomen. 7De ser på det som ligg dykk for augo. Um nokon er viss med seg sjølv at han høyrer Kristus til, han døme då atter ifrå seg sjølv, at liksom han høyrer Kristus til, soleis me og. 8For um eg og vil rosa meg noko meir av vår magt, som Herren gav oss til å uppbyggja dykk og ikkje til å riva ned, so vilde eg ikkje verta til skammar, 9so ikkje eg skal synast liksom å vilde skræma dykk med brevi mine. 10For brevi, segjer dei, er myndige og djerve, men det likamlege nærværet er veikt, og talen ikkje vyrd. 11Den som segjer slikt, han tenkje då, at slike som me fråverande er i ord i brevi, slike er me og nærverande i gjerning. 12For me vågar ikkje å rekna oss til eller likna oss med sume som rosar seg sjølve; men når desse mæler seg med seg sjølve og liknar seg med seg sjølve, er dei fåvituge. 13Men me vil ikkje rosa oss til umåte, men etter målet av det umkverve som Gud hev sett oss til mål: at me skulde nå radt fram til dykk. 14For me tøygjer oss ikkje utyver vårt mål, som um me ikkje hadde nått fram til dykk - for me er då komne fram til dykk med Kristi evangelium - 15med di me ikkje rosar oss til umåte, av framandt arbeid, men hev von um, at når dykkar tru veks, skal me verta ovleg store hjå dykk etter vårt mål, 16so me kann forkynna evangeliet på hi sida åt dykk, og ikkje i eit framandt umkverve rosa oss av det som alt er fullført. 17Men den som rosar seg, rose seg i Herren! 18For ikkje den som prisar seg sjølv, held prøva, men den som Herren prisar.