1Då sagde Salomo: «Herren hev sagt at han vil bu i dimma. 2Men eg hev bygt eit hus til bustad åt deg, og ein stad der du kann dvelja ævelegt.» 3So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod. 4Og han sagde: «Lova vere Herren, Israels Gud, som hev fullenda det med handi si som hans munn tala til David, far min, den gongen han sagde: 5«Frå den tid då eg henta folket mitt ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av Israels ætter til å byggja eit hus i som namnet mitt kunde bu i, og eg hev ikkje kåra nokon mann til å vera styrar yver Israel, folket mitt; 6men no hev eg valt Jerusalem til at namnet mitt kann bu der, og eg hev kåra David til å styra yver Israel, folket mitt.» 7Og David, far min, var meint på å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud. 8Men Herren sagde til David, far min: «Når du hev vore meint å byggja eit hus for mitt namn, då hev du gjort vel med at du hev slikt i tanken; 9like vel skal ikkje du byggja huset, men son din, som gjeng ut or lenderne dine, han skal byggja huset for mitt namn.» 10No hev Herren sett i verk det ordet som han tala; og eg er komen i far min’s stad, og hev sett meg på Israels kongsstol, soleis som Herren hev sagt det, og eg hev bygt huset for namnet åt Herren, Israels Gud. 11Og der hev eg sett den kista som gøymer Herrens samband er i, det som han gjorde med Israels-borni.» 12So stelte han fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden og breidde ut henderne. 13For Salomo hadde gjort ein tram av kopar, fem alner lang, fem alner breid og tri alner høg, og hadde sett honom midt i garden; på den stod han; og han fall på kne framfyre heile Israels-lyden og breidde ut henderne mot himmelen, 14og sagde: «Herre, Israels Gud, det finst ingen Gud som du i himmelen eller på jordi, du som held uppe sambandet og nåden mot tenararne dine når dei ferdast for di åsyn med heile sitt hjarta, 15du som hev halde det du lova tenaren din, David, far min, og som hev fullenda med handi det du tala med munnen, som det syner seg i dag. 16So haldt no og, Herre, Israels Gud, det som du lova tenaren din, David, far min, då du sagde: «Aldri skal den tid koma at det ikkje sit ein mann av di ætt på Israels kongsstol for mi åsyn, når berre sønerne dine vil taka på vegen sin og ferdast i mi lov, liksom du hev ferdast for mi åsyn.» 17So lat no, Herre, Israels Gud, det ordet sannast som du hev tala til tenaren din, David! 18Men kann då Gud i røyndi bu hjå menneski på jordi? Sjå himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt! 19Men vend deg like vel til bøni åt tenaren din, og hans påkalling, Herre, min Gud, so du høyrer på det ropet og den bøni som tenaren din bed for di åsyn, 20og let augo dine vera opne mot dette huset dag og natt, mot den staden der du hev lova at namnet ditt skal bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden, 21og høyr på den påkalling som tenaren din og Israel, folket ditt, vender imot denne staden; høyr ifrå den staden der du bur, frå himmelen, høyr og tilgjev! 22Forsyndar einkvar seg mot næsten sin, og dei legg ein eid på honom, so ein let honom sverja, og han kjem inn og sver framfyre altaret ditt i dette huset, 23so må du høyra frå himmelen og setja i verk og døma imillom tenararne dine, med di du gjev den skuldige attergjeld, og let honom lida for si åtferd, og frikjenner den rettferdige og let honom få etter si rettferd. 24Og um folket ditt, Israel, fær usiger mot fienden for di dei syndar imot deg, og dei so vender um og vedkjennest ditt namn, og bed og påkallar for di åsyn i dette huset, 25so må du høyra det frå himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, den syndi dei gjorde, og føra deim heim att til det landet som du hev gjeve deim og federne deira. 26Når himmelen let seg att, og regnet ikkje kjem, for di dei syndar imot deg, og dei so snur seg imot denne staden med bøn, og dei vedkjennest ditt namn og vender um frå syndi si av di du audmykjer deim, 27so må du høyra det frå himmelen og tilgjeva tenararne dine og Israel, folket ditt, syndi deira, for du lærer deim den gode vegen dei skal ganga på, og du må gjeva regn yver landet ditt, som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga. 28Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust, eller det kjem engspettor og åmor, eller fiendarne deira trengjer deim i det landet der byarne deira er, eller kva for ei plåga eller sjukdom det er, 29kvar gong det då stig upp ei bøn eller audmjuk påkalling frå noko menneskje eller frå heile ditt folk Israel, med di kvar og ein kjenner si plåga og pina og retter ut henderne sine mot dette huset, 30so må du høyra frå himmelen, den staden der du bur, og tilgjeva, med di du gjev kvar mann lika for all hans ferd, av di du kjenner hjarta hans - for einast du kjenner mannehjarta - 31so dei må ottast deg og fylgja dine vegar all den tid dei liver på den jordi som du hev gjeve federne våre. 32Jamvel den framande, som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt burte, for ditt store namn, di sterke hand og din strake arm skuld, når dei kjem og vender bønerne sine mot dette huset, 33då må du høyra frå himmelen, frå den staden der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg um, so alle folk på jordi må læra å kjenna namnet ditt og ottast deg, liksom Israel, folket ditt, og skyna at dette huset som eg hev bygt, er uppkalla etter ditt namn. 34Når folket ditt fer ut i herferd mot fiendarne sine, på den vegen som du sender deim, og dei so bed til deg med andlitet imot den byen som du hev valt ut, og det huset eg hev bygt åt namnet ditt, 35då må du frå himmelen høyra bøni og påkallingi deira, og hjelpa deim til retten sin. 36Og når dei syndar mot deg - for det finst ikkje noko menneskje som ikkje syndar - og du harmast på deim og let fienden få magt yver deim, so han fangar deim og fører deim burt til eit land langt av leid eller nær ved, 37og dei so tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i det landet der dei er i utlægdi si, og sannar: «Me hev synda, me hev gjort ille og vore ugudlege,» 38og dei vender um til deg med heile sitt hjarta og all si sjæl i det landet dei er burtførde til og fangar i, og dei bed med di deg snur seg imot landet sitt, som du hev gjeve federne deira, imot den byen som du hev valt ut, og det huset eg hev bygt for namnet ditt, 39so må du høyra på bøni og påkallingi deira frå himmelen der du bur, og hjelpa deim til sin rett og tilgjeva folket ditt det som det hev synda imot deg. 40So vere då, min Gud, augo dine opne, og øyro dine agte på bøni på denne staden! 41So reis deg då, Herre Gud, og kom til kvilestaden din, du med di velduge kista! Lat prestarne dine, Herre Gud, klæda seg i frelsa, og dine gudlege gleda yver det gode! 42Herre Gud, vis ikkje ifrå deg åsyni åt den du hev salva, kom i hug nåden mot David, tenaren din!»