1Tolv år gamall var Manasse då han vart konge, og fem og femti år styrde han i Jerusalem. 2Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, etter den avstyggjelege seden hjå dei folki som Herren hadde rudt ut for Israels-borni. 3Han bygde upp att offerhaugarne som Hizkia, far hans, hadde rive ned, og sette upp altari for Ba’als-gudarne og gjorde Astarte-bilæte og kasta seg ned for og tente heile himmelheren. 4Og han bygde altar i Herrens hus, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt vera æveleg.» 5Og han bygde altar for heile himmelheren i båe tuni kring Herrens hus. 6Han vigde sønerne sine i elden i Hinnomssons-dalen og for med spådom og trolldom og runing og fekk seg tinga folk til å mana draugar og spåvette; han gjorde mykje som vondt var i Herrens augo og harma honom. 7Og avgudsbilætet som han hadde gjort, sette han upp i Guds hus, som Gud hadde sagt um til David og Salomo, son hans: «Til dette huset og til Jerusalem, som eg hev valt ut millom alle Israels ætter, vil eg festa namnet mitt i all æva. 8Og eg vil ikkje meir lata Israel fara burt ifrå det landet som eg etla åt federne dykkar, berre dei agtar på å halda alt det som eg hev bode deim, etter heile lovi og bodi og rettarne som dei fekk ved Moses.» 9Men Manasse førde Juda og Jerusalems-buarne til å stella seg verre enn dei folki som Herren hadde øydt ut for Israels-borni. 10Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei agta ikkje på det. 11So let Herren herførarne åt assyrarkongen koma yver deim, og dei fanga Manasse med krokar, lagde honom i koparlekkjor og førde honom til Babel. 12Men då han var i naud, bad han Herren, sin Gud, um nåde, og han audmykte seg djupt for fedreguden sin. 13Og då han bad til honom, let han seg blidka og høyrde bøni hans og førde honom attende til Jerusalem til kongedømet hans. Då kom Manasse i hug at Herren er Gud. 14Sidan bygde han ein ytre mur for Davidsstaden vestanfor Gihon i dalen og burt imot Fiskeporten, so han gjekk ikring Ofel; og gjorde honom svært høg. I alle borgbyarne i Juda sette han herførarar. 15Han førde burt dei framande gudarne og avgudsbilætet ifrå Herrens hus og alle dei altari som han hadde bygt på det berget der Herrens hus stod og i Jerusalem, og han kasta deim utanfor byen. 16Derimot reiste upp att Herrens altar, og han ofra takkoffer og lovoffer på det; og han baud Juda at dei skulde tena Herren, Israels Gud. 17Men folket heldt ved med å ofra på offerhaugarne, men einast til Herren, deira Gud. 18Det som elles er å fortelja um Manasse, um bøni hans til sin Gud og ordi åt dei sjåarane som tala til honom i namnet åt Herren, Israels Gud, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne. 19Og um bøni hans, og korleis han vart bønhøyrd, og heile syndi og utruskapen hans og dei staderne der han bygde upp offerhaugar og sette upp Astarte-stolparne og avgudsbilæti fyrr han audmykte seg, det er uppskrive i krønikeboki åt Hozai. 20Og Manasse lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom ved huset hans, og Amon, son hans, vart konge i staden hans. 21Tvo og tjuge år gamall var Amon då han vart konge, og tvo år styrde han i Jerusalem. 22Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans; og han ofra til alle dei bilæti som Manasse, far hans, hadde gjort, og han tente deim. 23Han audmykte seg ikkje for Herrens åsyn, soleis som Manasse, far hans, gjorde, men han, Amon, leste på seg stor skuld. 24Tenarane hans svor seg saman mot honom og drap honom i huset hans. 25Men landsfolket drap alle deim som hadde svore seg saman imot kong Amon, og landsfolket tok Josia, son hans, til konge i staden hans.