1Hizkia vart konge då han var tjuge år gamall, og ni og tjuge år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Abia og var dotter åt Zakarja. 2Han gjorde det som rett var i Herrens augo, nett som David, far hans, hadde gjort. 3I den fyrste månaden i det fyrste styringsåret sitt let han opna dørerne til Herrens hus og sette deim i stand. 4So let han prestarne og levitarne koma og stemnde deim saman på den opne plassen mot aust. 5Og han sagde til deim: «Høyr på meg, de levitar! No skal de helga dykk sjølve, og deretter skal de helga huset åt Herren, dykkar fedregud, og føra ureinskapen ut or heilagdomen. 6For federne våre hev vore utrugne og hev gjort det som vondt var for augo åt Herren, vår Gud; dei hev gjenge burt ifrå honom, hev vendt si åsyn burt ifrå Herrens hus og snutt ryggen til det. 7Dei hev og stengt dørerne til forhalli, hev sløkt lamporne; ikkje kveikt røykjelse eller ofra brennoffer i heilagdomen åt Israels Gud. 8Difor kom Herrens harm yver Juda og Jerusalem, og han gjorde deim til eit skræmsel, ei fæla og eit åtløgje, som de ser med eigne augo. 9Til straff for dette er federne våre falne for sverdet, og sønerne og døtterne og konorne våre er hertekne. 10Difor hev eg no sett meg fyre at eg vil gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, so hans brennande harm må venda seg ifrå oss. 11Lat det difor ikkje skorta dykk på ihuge, sønerne mine, for dykk hev Herren valt ut til å standa for hans åsyn og tena honom og vera tenarane hans og kveikja røykjelse for honom.» 12Då reiste levitarne seg: Mahat Amasaison og Joel Azarjason av kahatitsønerne; av Merari-sønerne Kis Abdison, og Azarja Jehallelelsson, og av gersonitarne Joah Zimmason, og Eden Joahsson. 13Av Elisafans-sønerne Simri og Je’uel, og av Asafs-sønerne Zakarja og Mattanja, 14og av Hemans-sønerne Jehuel og Sime’i, og av Jedutuns-sønerne Semaja og Uzziel. 15Dei samla brørne sine, og dei helga seg, og sidan gjekk dei inn for å reinsa Herrens hus, so som kongen hadde bode etter fyresegnerne frå Herren. 16Og prestarne gjekk inn det indre av Herrens hus og reinsa det, og alt det ureine som dei fann i Herrens tempel, førde dei ut i tunet ved Herrens hus; der tok levitarne imot det og førde det ut i Kidronsdalen. 17Den fyrste dagen i den fyrste månaden tok dei til å helga, og den åttande dagen i månaden gjekk dei inn i Herrens forhall og helga Herrens hus i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige med det. 18So gjekk dei inn til kong Hizkia og sagde: «No hev me reinsa heile Herrens hus, brennofferaltaret og alt som til høyrer, og skodebrødsbordet og alt som til høyrer. 19Alle dei reidskaparne som kong Ahaz hev vanhelga i sin utruskap medan han var konge, deim hev me sett i stand og helga, og no stend dei framfyre Herrens altar.» 20Tidleg um morgonen samla kong Hizkia dei øvste i byen og gjekk upp til Herrens hus. 21Og dei førde fram sju uksar, sju verar, sju lamb og sju geitebukkar til syndoffer for kongeriket og heilagdomen og Juda; og han baud Arons-sønerne, prestarne, å ofra deim på Herrens altar. 22Dei slagta då uksane, og prestarne tok imot blodet og skvette det på altaret; so slagta dei verarne og skvette blodet på altaret, so slagta dei lambi og skvette blodet på altaret. 23Sidan førde dei syndofferbukkarne fram for kongen og lyden, og dei lagde henderne sine på deim, 24so slagta prestarne dei og hadde blodet deira på altaret til syndoffer, til soning for heile Israel; for kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulde vera for heile Israel. 25Og han stelte upp levitarne i Herrens hus med cymblar, harpor og cithrar, soleis som David, Gad, sjåaren åt kongen, og profeten Natan hadde bode; for bodet um dette hadde Herren gjeve gjenom profetarne sine. 26Levitarne stod med Davids spelgogner, og prestarne med lurarne. 27Og Hizkia baud at brennofferet skulde ofrast på altaret, og då ofringi tok til, byrja songen for Herren, og lurarne, medan spelgognerne åt David, Israels konge, styrde songen. 28Då kasta heile lyden seg til jordi medan songen tona og lurarne let, og alt dette varde til ofringi var til endes. 29Då dei var ferdige med ofringi, fall kongen på kne og alle dei som var til stades med honom, og dei bad. 30So baud kong Hizkia og hovdingarne at levitarne skulde syngja Herrens lov med ordi åt David og sjåaren Asaf, og dei song lovsongen med fagnad og bøygde seg og bad. 31Hizkia tok då til ords og sagde: «No hev de vigt dykk til Herren; kom då fram og før slagtofferi og lovofferi til Herrens hus!» Då førde lyden fram slagtoffer og lovoffer, og kvar ein som vart driven til det i hjarta sitt, førde fram brennoffer. 32Dei brennofferi som lyden førde fram, var sytti uksar, hundrad verar og tvo hundrad lamb; alle dei var brennoffer for Herren. 33Og heilagofferi var seks hundrad uksar og tri tusund sauer. 34Men det var ikkje mange nok av prestarne til å flå alle brennofferi, og brørne deira, levitarne, hjelpte deim difor med det, til arbeidet var fullgjort, og til dess alle prestarne hadde helga seg; for levitarne synte ein ærlegare vilje til å helga seg enn prestarne. 35Dessutan var det ei mengd med brennoffer og attåt deim feittstykki av takkofferi og dei drykkofferi som høyrde til brennofferi. Soleis fekk dei i stand tenesta i Herrens hus. 36Og Hizkia og heile folket gledde seg yver det som Gud hadde gjort for folket; for alt dette gjekk fyre seg med eit slag.