1Sju år gamall var Joas då han vart konge, og fyrti år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’erseba. 2Joas gjorde det som rett var i Herrens augo so lenge presten Jojada livde. 3Jojada tok tvo konor åt honom, og han fekk søner og døtter. 4Sidan kom Joas på den tanken at han vilde setja i stand Herrens hus. 5Difor stemde han saman prestarne og levitarne og sagde til deim: «Drag ut til Juda-byarne og samla i inn pengar ifrå heile Israel til å vøla på huset åt dykkar Gud, etter som det krevst år etter år. Og skunda dykk med å gjera dette!» Men levitarne skunda seg ikkje med det. 6Då kalla kongen til seg øvstepresten Jojada og sagde til honom: «Kvifor hev du ikkje sytt for at levitarne koma med den skatten frå Juda og Jerusalem som Moses, Herrens tenar, lagde på Israels-lyden til beste for kunngjeringstjeldet? 7For sønerne åt denne ugudlege Atalja, dei hev brote seg inn i Guds hus, ja, alt som var vigt til Herrens hus, hev dei bruka på Ba’als-gudarne.» 8Kongen baud difor at dei skulde laga ei kista og setja upp utanfor porten til Herrens hus. 9Og det vart lyst ut i Juda og Jerusalem at dei skulde føra den skatten til Herren som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israels-borni i øydemarki. 10Alle hovdingarne og heile folket bar då pengarne fram med gleda, og kasta i kista til dess ho var full. 11Og når dei såg at det var mykje sylv i henne, tok levitarne kista og førde henne til det kongelege tilsynet, og då kom den kongelege skrivaren og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett til, kvar gong og tømde kista; og so tok dei henne og førde hende attende på plassen sin. Soleis gjorde dei gong etter gong, og dei samla ei stor mengd med pengar. 12So gav kongen og Jojada deim til arbeidsformennerne ved arbeidet på Herrens hus, og dei leigde steinhoggarar og timbremenner til å setja i stand Herrens hus, og jarn- og koparsmedar til å vøla på Herrens hus. 13Arbeidsformennerne tok fat på arbeidet, so at verket hadde framgang i deira hand, og dei bygde upp Guds hus soleis som det hadde vore planlagt, og fekk det godt i stand. 14Då dei var ferdige med det, bar dei resten av pengarne til kongen og Jojada, og han let gjera gogner av det til Herrens hus, gogner til tenesta og offeri, og skåler og kjerald av gull og sylv. Og dei ofra brennoffer i Herrens hus stødt so lenge Jojada livde. 15Men Jojada vart gamall og mett av dagar og døydde; hundrad og tretti år gamall var han då han døydde. 16Dei gravlagde honom i Davidsbyen hjå kongarne, for di han hadde gjort vel imot Israel og mot Gud og hans hus. 17Då no Jojada var avliden, kom hovdingarne i Juda og kasta seg ned for kongen; og kongen høyrde viljugt på deim. 18Då gjekk dei ifrå huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Astarte-bilæti og dei andre avgudarne. Difor kom det vreide yver Juda og Jerusalem for denne syndi deira. 19Og han sende profetar til deim til å føra deim attende til Herren, og dei tala ålvorsamt til deim, men dei høyrde ikkje på deim. 20Då tok Guds ande presten Zakarja, son åt Jojada, so han stod fram for folket og sagde til deim: «So segjer Gud: «Kvifor gjer det imot Herrens bod og slepper ifrå dykk lukka! For di de hev gjenge ifrå honom, hev han gjenge frå dykk.»» 21Då svor dei seg saman imot honom, og steina honom i fyregarden til Herrens hus etter bod frå kongen. 22For kong Joas gløymde den kjærleiken som Jojada, far hans, hadde synt imot honom, og han drap son hans. Men då han døydde, ropa han: «Herren sjå og straffe!» 23Då året var ute, drog syrarheren imot honom, og dei kom til Juda og Jerusalem og øydde ut alle hovdingarne i folket og sende heile herfanget sitt til kongen i Damaskus. 24Endå syrarheren var fåment då han kom, so gav Herren ein ovstor her i deira vald, for di dei hadde gjenge ifrå Herren, sin fedregud, og soleis sette dei i verk domen yver Joas. 25Og då dei drog burt ifrå honom - for dei let honom etter seg i tunge lidingar - då gjorde hirdmennerne hans ei samansverjing imot honom, for di han hadde drepe sønerne åt presten Jojada, og dei drap honom på lega hans. Soleis døydde han, og dei gravlagde honom i Davidsbyen, men ikkje i kongegraverne. 26Dei som svor seg saman imot honom, var Zabad, son åt ammonitkvinna Simat, og Jozabad, son åt moabitkvinna Simrit. 27Um sønerne hans og alle profetordi imot honom og grunnleggjingi av Guds hus, det finst uppskrive i utleggjingi til kongeboki. Amasja, son hans, vart konge i staden hans.