1Sidan hende det, at Moabs-sønerne og Ammons-sønerne og nokre av me’unitarne saman med deim drog i herferd mot Josafat. 2Og dei kom og melde det til Josafat og sagde: «Det kjem ein stor hop imot deg frå landi på hi sida havet, frå Syria, og dei er i Haseson-Tamar, det er En-Gedi.» 3Då vart Josafat rædd og tok til å søkja Herren, og lyste ut ei fasta yver heile Juda. 4Då kom Juda saman og søkte hjelp hjå Herren, og dei kom frå alle Juda-byarne og søkte Herren. 5Men Josafat stelte seg i samlingslyden frå Juda og Jerusalem i Herrens hus, framanfor den nye tunet, 6og han sagde: «Herre, vår fedregud! Du er då Gud i himmelen, du råder yver alle heidningriki, i di hand er det kraft og velde, og imot deg kann ingen standa seg. 7Hev ikkje du, vår Gud, jaga burt ibuarane i dette landet for Israel, folket ditt, og gjeve det til ættingarne åt Abraham, venen din, for alder og æva? 8Og dei busette seg i det og bygde deg ein heilagdom der for ditt namn, med di dei og sagde: 9«Um det kjem nokor ulukka yver oss, sverd, straffedom, farsott eller hungersnaud, då vil me stella oss upp framanfor dette huset for di åsyn, for namnet ditt bur i dette huset; og me vil ropa til deg i naudi vår, og so vil du høyra og hjelpa.» 10Sjå no Ammons-sønerne og Moab og folket ifrå Se’irfjelli - du gav ikkje Israel lov til å trengja inn i deira land då dei kom frå Egyptarlandet, difor heldt dei seg burte frå deim og øyde deim ikkje - 11sjå no korleis dei løner oss, med di dei kjem og vil jaga oss burt ifrå eigedomen din, som du hev gjeve oss til eiga. 12Vår Gud, vil du då ikkje halda dom yver deim? for hjå oss er det ingi kraft imot denne velduge hopen, som kastar seg yver oss, og me veit ikkje kva me skal gjera, men vender augo våre imot deg.» 13Og heile Juda stod framfor Herrens åsyn, ja, småborni og konorne og sønerne deira var med. 14Då kom Herrens ande yver leviten Jahaziel, son åt Zakarja, son åt Benaja, son åt Je’iel, son åt Mattanja, av Asafs søner, midt i lyden, 15og han sagde: «Lyd etter, heile Juda og de Jerusalems-buar og du kong Josafat! So segjer Herren til dykk: «Ottast ikkje og ræddast ikkje for denne megtige hopen! for striden er ikkje dykkar, men Guds sak. 16Drag ned imot deim i morgon, då vil dei stiga upp etter vegen ved Hassis, og de skal råka deim ved enden av dalen imot Jeruel-øydemarki. 17Men dermed er de ikkje dykkar sak å strida, men de skal stella dykk upp og standa stilt og sjå på korleis Herren frelser dykk, de frå Juda og Jerusalem. Ottast ikkje og ræddast ikkje, men drag imot deim i morgon, so skal Herren vera med dykk.»» 18Då bøygde Josafat seg med andlitet til jordi, og heile Juda og alle Jerusalems-buarne fall ned for Herren og tilbad Herren. 19Men levitarne av kahatitsønerne og korahitsønerne stod upp og lova Herren, Israels Gud, med overlag høg røyst. 20Tidleg um morgonen drog dei so ut til Tekoa-øydemarki; og medan dei drog ut, stod Josafat og sagde: «Høyr meg, Juda, og de Jerusalems-buar! Tru på Herren, dykkar Gud, so stend de traust, og tru på profetarne hans, so skal de verta lukkelege!» 21Og han gjorde avtale med folket og stelte upp songarar for Herren; dei skulde lova honom i heilagt skrud, medan dei drog ut fyre deim som var herbudde, og dei skulde segja: «Prisa Herren, for æveleg varer hans miskunn!» 22Og straks dei tok til med fagnadropi og lovprisningarne sine, stelte Herren åtakarar som låg i løynlega imot Ammon og Moab og folket frå Se’irfjelli, som drog fram imot Juda, so dei vart slegne. 23Ammons-sønerne og Moab stelte seg imot folket frå Se’irfjelli og hogg deim ned og øydelagde deim, og då dei var ferdige med deim, hjelptest dei åt med å tyna kvarandre. 24Då Juda kom til utsynshaugen yver øydemarki og snudde seg imot hopen, då såg dei berre lik som låg på jordi, og ingen hadde kome seg undan. 25Då drog Josafat og folket hans dit og plundra deim, og dei fann ei mengd med gods og lik og kostesame ting. Dei tok meir til seg enn dei kunde føra burt, og dei heldt på i tri dagar med å plundra, so stort var herfanget. 26Den fjorde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen; for der lova dei Herren, og difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det heiter han den dag i dag. 27So snudde dei, alle folki frå Juda og Jerusalem, med Josafat i brodden, og drog attende til Jerusalem med gleda, for Herren hadde gjeve deim gleda yver fiendarne deira. 28Og dei drog inn i Jerusalem med harpor, cithrar og lurar til Herrens hus. 29Og ein støkk for Gud kom yver alle dei framande riki då dei høyrde at Herren hadde stridt imot Israels fiendar. 30Soleis fekk Josafats kongedøme fred, for hans Gud gav honom ro til alle sider. 31So rådde Josafat yver Juda. Fem og tretti år var han då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi. 32Han gjekk på vegarne åt Asa, far sin, og veik ikkje ifrå deim, for han gjorde det som rett var i Herrens augo. 33Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt, med di folket ikkje vende hugen sin fast mot sine feders Gud. 34Det som elles er å fortelja um Josafat frå fyrst til sist, det finst uppskrivi i krønikeboki åt Jehu Hananison, som er uppteke i boki um Israels-kongarne. 35Sidan gjorde Josafat i Juda samlag med Ahazja, kongen i Israel, endå han for gudlaust fram. 36Og han gjorde samlag med honom um å byggja skip som skulde sigla til Tarsis. Dei bygde skip i Esjon-Geber. 37Men Eliezer Dodavason frå Maresa spådde mot Josafat og sagde: «For di du hev gjort samlag med Ahazja, vil Herren gjera tiltaket ditt um inkje.» Og nokre skip forliste og kunde ikkje sigla til Tarsis.