1Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamin, hundrad og åtteti tusund utvalde stridsmenner, og vilde strida imot Israel og vinna kongedømet att for Rehabeam. 2Men då kom Herrens ord til gudsmannen Semaja soleis: 3«Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til heile Israel i Juda og Benjamin: 4«So segjer Herren: De skal ikkje fara upp og strida imot brørne dykkar; snu heim att kvar til sitt hus! For det som er hendt, er kome frå meg!»» Då lydde dei ordi frå Herren og snudde heim at og drog ikkje imot Jeroboam. 5Sidan budde Rehabeam i Jerusalem, og han bygde byar um til borger i Juda. 6Soleis bygde han Betlehem og Etam og Tekoa 7og Bet-Sur og Soko og Adullam 8og Gat og Maresa og Zif 9og Adorajim og Lakis og Azeka 10og Sora og Ajjalon og Hebron, som låg i Juda og i Benjamin. Han gjorde deim til festningsbyar. 11Og han gjorde borgerne sterke og sette hovdingar i deim, og gav deim forråd av matvaror og olje og vin. 12Og kvar einskild av deim gav han skjoldar og spjot, og soleis gjorde han deim overlag sterke. Juda og Benjamin lydde honom. 13Men prestarne og levitarne i heile Israel gjekk yver til honom frå alle bygderne. 14For levitarne drog ifrå bumarkerne og eigedomen sin og for til Juda og Jerusalem, for di Jeroboam og sønerne hans jaga deim ut or prestetenesta for Herren, 15og han tilsette prestar åt seg for offerhaugarne og bukketrolli og kalvarne som han hadde late gjera. 16Og i fylgje med deim kom dei frå alle Israels ættar som lagde hugen sin på å søkja Herren, Israels Gud. Dei kom til Jerusalem og ofra til Herren, sin fedregud. 17Dei styrkte Judariket og tryggja Rehabeam, son åt Salomo i tri år. For i tri år gjekk dei på vegen åt David og Salomo. 18Rehabeam tok til kona Mahalat, dotter åt Jerimot, son åt David, og åt Abiha’il, dotter åt Eliab, Isais son. 19Ho fødde honom sønerne Je’us og Semarja og Zaham. 20Og etter henne tok han Ma’aka, dotter åt Absalom, til kona; og ho fødde honom Abia og Attai og Ziza og Selomit. 21Rehabeam elska Ma’aka, dotter åt Absalom, meir enn dei andre konorne og fylgjekonorne sine; for han hadde attan konor og seksti fylgjekonor og vart far til åtte og tjuge søner og seksti døtter. 22Difor sette han Abia, son åt Ma’aka, til hovding og fyrste millom brørne sine; for han var tenkt på å gjera honom til konge. 23Og på visleg måte skifte han ut alle landsluterne og dei faste borgerne i Juda og Benjamin til alle sønerne sine, og gav deim flust til å leva av og fekk deim konor i mengd.