1Det er eit sant ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembætte, so hev han lyst til ei gjæv gjerning. 2Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, ædrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg, 3ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, men godlyndt, ikkje stridsam, ikkje pengekjær, 4ein som styrer vel sitt eige hus, og hev lyduge born med all søma 5- um nokon ikkje veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? - 6ikkje ein ny-umvend, so han ikkje skal ovmoda seg og falla i djevelens dom. 7Men han skal og hava godt vitnemål av deim som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara. 8Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning, 9slike som hev løyndomen i trui i eit godt samvit. 10Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena kyrkjelyden, um dei er ulastelege. 11Like eins skal kvinnorne vera vyrdelege, ikkje baktalande, men ædruelege, true i alle ting. 12Tenarane for kyrkjelyden skal kvar vera mann til ei kona og styra vel sine born og sine eigne hus. 13For dei som hev tent kyrkjelyden vel, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus. 14Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma snart til deg, 15men um eg drygjer, at du so skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er kyrkja åt den livande Gud, pilaren og grunnvollen til sanningi. 16Og som kvar må sanna, stor er den løyndom i gudlegdomen: Han som vart openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sedd av englar, forkynt millom folkeslag, trudd i verdi, uppteken i herlegdom.