1Men um tiderne og stunderne treng de, brør, ikkje til at me skriv til dykk; 2for de veit sjølve grant at Herrens dag kjem som ein tjuv um natti. 3Når dei segjer: «Fred og ingen f re!» då kjem ein brå undergang yver deim, liksom føderidi yver den som er med barn, og dei skal slett ikkje sleppa undan. 4Men de, brør, er ikkje i myrkret, so dagen skulde koma på dykk som ein tjuv; 5for de er alle born av ljoset og born av dagen; me høyrer ikkje natti eller myrkret til. 6Lat oss difor ikkje sova som dei andre, men lat oss vaka og vera ædrue! 7For dei som søv, dei søv um natti, og dei som drikk seg drukne, dei er drukne um natti; 8men me som høyrer dagen til, lat oss vera ædrue, klædde med den brynja som er tru og kjærleik, og med voni um frelsa som ein hjelm! 9For Gud etla oss ikkje til vreide, men til å vinna frelsa ved vår Herre Jesus Kristus, 10han som døydde for oss, so me, anten me vaker eller søv, skal liva saman med honom. 11Påminn difor kvarandre, og uppbygg einannan innbyrdes, so som de og gjer! 12Men me bed dykk, brør, at de skynar på deim som arbeider ibland dykk og er dykkar forstandarar i Herren og påminner dykk, 13og at de vyrder deim storleg høgt i kjærleik for deira gjerning skuld! Haldt fred med kvarandre! 14Og me legg dykk på hjarta, brør: Påminn dei uskipelege, trøysta dei vanmodige, hjelp dei veike, ver langmodige mot alle! 15Sjå til at ingen gjev nokon vondt att for vondt, men stræva alltid etter det som godt er, både mot kvarandre og mot alle! 16Ver alltid glade! 17Bed uavlatande! 18Takka for alle ting! for dette er Guds vilje i Kristus Jesus til dykk. 19Sløkk ikkje ut Anden! 20Mismæt ikkje profetord! 21men prøv alt, hald fast på det gode! 22Haldt dykk frå vondt av alle slag! 23Men han sjølv, fredsens Gud, helga dykk heilt ut, og gjev at dykkar ånd og sjæl og likam må verta haldne fullkomne, ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem! 24Han som hev kalla dykk, er trufast, han skal og gjera det. 25Brør, bed for oss! 26Helsa alle brørne med ein heilag kyss! 27Eg manar dykk ved Herren, at de let brevet verta lese for alle dei heilage brørne. 28Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!