1For de veit sjølve, brør, um vår inngang hjå dykk, at han ikkje hev vore til fåfengs. 2Men endå me fyreåt hadde lide og vorte ille medfarne i Filippi, som de veit, fekk me då frimod i vår Gud til å tala Guds evangelium til dykk i stor strid. 3For vår forkynning kjem ikkje av villfaring eller av urein hug eller med svik. 4Men liksom me er haldne verdige av Gud til å få evangeliet yverlate, soleis talar me, ikkje som dei som vil tekkjast menneskje, men Gud, han som prøver hjarto våre. 5For korkje kom me noko sinn med smeikjande ord, som de veit, eller med fyrebering for havesykja, Gud er vitne, 6og ikkje heller søkte me æra av menneskje, korkje av dykk eller av andre, endå me kunde ha kravt vyrdnad som Kristi apostlar. 7Men me var milde millom dykk: Som ei mor vermer borni ved barmen, 8soleis var me i inderleg kjærleik til dykk viljuge til å gjeva dykk ikkje berre Guds evangelium, men og vårt eige liv med, av di de vart oss kjære. 9For de minnest då, brør, vårt stræv og vår møda: Medan me arbeidde natt og dag, so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, forkynte me Guds evangelium for dykk. 10De er vitne, og Gud med, kor heilagt og rettferdigt og ulastande me ferdast hjå dykk, de truande! 11liksom de veit kor me påminte kvar og ein av dykk, som ein far borni sine, og lagde dykk på hjarta 12og bad dykk inderleg at de skulde ferdast so som verdigt er for Gud, som hev kalla dykk til sitt rike og sin herlegdom. 13Difor takkar me og uavlatande Gud for, at då de fekk det Guds ord me forkynte, so tok de imot det, ikkje som eit menneskje-ord, men - som det i sanning er - som eit Guds ord, som og ter seg verksamt i dykk som trur. 14For de, brør, hev vorte etterfylgjarar til dei Guds kyrkjelydar som er i Kristus Jesus i Judæa; for de hev og lide det same av dykkar eigne samættingar som dei hev lide av jødarne, 15som og slo Herren Jesus og profetarne i hel og forfylgde oss og ikkje er Gud til hugnad og stend alle menneskje imot, 16då dei meinkar oss i å tala til heidningarne, at dei kann verta frelste - so dei alltid må fylla sitt syndemål. Men vreiden hev endeleg nått deim. 17Men då me, brør, ei liti stund hadde vore skilde frå dykk med åsyn, ikkje med hjarta, so hev me i vår store lengting gjort oss so mykje større umak for å få sjå dykkar åsyn; 18for me hev vilja koma til dykk - eg, Paulus, både ein gong og tvo gonger - men Satan hindra oss derifrå. 19For kven er vel vår von eller gleda eller heiderskrans? Er ikkje de det og for vår Herre Jesu Kristi åsyn i hans tilkoma? 20For de er vår æra og gleda.