1Samuel døydde. Heile Israel kom i hop og gret yver honom. Dei gravlagde honom heime i Rama. David braut upp og drog ned til øydemarki Paran. 2I Maon var det ein mann som hadde buskapen sin på Karmel. Den mannen var ovleg rik; han åtte tri tusund sauer og tusund geiter. Han heldt på nett då å klyppa sauerne sine på Karmel. 3Nabal heitte mannen, og kona hans heitte Abiga’il. Kona hans var både vitug og væn; men mannen var hardlyndt og vondlyndt. Han var av Kalebs-ætti. 4Då no David høyrde gjete i øydemarki at Nabal heldt på å klyppa sauerne, 5sende han ti av sveinar med den ordsendingi: «Far upp til Karmel! Gakk til Nabal og helsa honom frå meg: 6«Heil og sæl!» skal det segja, «og fred med deg sjølv! fred med ditt hus! og fred med alt det du eig! 7Eg hev spurt at du held på med saueklypping. No er det so at hyrdingarne dine hev halde seg i vårt grannelag, og me hev ikkje gjenge deim for nær, og dei hev ikkje sakna noko slag heile den tidi dei hev vore på Karmel. 8Spør tenarane dine, so vil dei sjølve segja deg det. Syn no godvilje mot sveinarne mine! Du veit me hev kome hit i ei god stund. Gjev tenarane dine og David, son din, det du hev for handi!»» 9Då sveinarne åt David kom dit, tala dei til Nabal i Davids namn og sagde som han hadde bode deim; og so tagde deim og gav tol. 10Nabal svara tenarane åt David: «Kven er David? Kven er Isaisonen? No um dagen stryk det so mange tenarar frå husbondsfolki sine. 11Skulde eg taka min mat og min drykk og slagt, som eg hev etla åt saueklypparane mine, og gjeva åt folk som eg ikkje veit kvar dei høyrer heime?» 12Sveinarne åt David vende då um og gjekk sin veg. Då dei kom attende, melde dei honom alt dette. 13Då baud David: «Alle mann spenner sverdet um seg!» Og alle so gjorde. David sjølv spente og sverdet um seg. Um lag fire hundrad mann fylgde David upp; dei hine tvo hundrad mann heldt seg attmed tyet. 14Men ein av drengjerne hadde meldt det til Abiga’il, kona hans Nabal: «David sende bod hit frå øydemarki og helsa husbond; men han hylja deim yver. 15Men desse kararne hev gjort oss mykje gagn. Ikkje hev dei gjenge oss for nær, og aldri hev me sakna noko heile den tidi me ferdast i lag med deim der ute på marki. 16Dei var ein mur ikring oss natt og dag, heile tidi me heldt oss i deira grannelag og gjætte småfeet. 17Tenk difor yver, og finn på eitkvart! for det heng ei ulukka yver husbond og heile huset hans; han er slik ei uvyrda, at ingen vågar tala til honom.» 18Då skunda Abiga’il seg og tok tvo hundrad brød, tvo vinhitar, fem tillaga sauer, ti settungar steikte aks, hundrad rosinkakor og tvo hundrad fikekakor, og klyvja på asni. 19Og ho sagde til drengjerne: «Far i fyrevegen! Sjå eg kjem etter.» Men med Nabal, mannen sin, gat ho det ikkje. 20Då ho reid på asnet sitt og kom ned i livd av fjellet, fekk ho sjå David og kararne hans koma ned frå hi sida, so ho måtte møta deim. 21David hadde sagt: «Til fåfengs hev eg verna um alt det den mannen åtte i øydemarki, so ingen ting vanta av all eigedomen hans. Og han gjev meg vondt i vederlag for godt. 22So sant Gud må lata uvenerne åt David bøta no og sidan - av alle deim som høyrer honom til, let ikkje eit einaste karmannsemne liva til dagsprett i morgon.» 23Då no Abiga’il fekk sjå David, steig ho straks ned frå asnet, fall å gruve for David og bøygde seg mot jordi. 24Ho fall ned for føterne hans og sagde: «Mi er skuldi, herre! Men lat terna di få tala med deg! og høyr på ordi åt terna di! 25Ikkje må du bry deg um Nabal, den uvyrda. Det namnet hans tyder, det er han; dåre heiter han, og dårskap hyser han. Men eg, terna di, eg hev ikkje set dei sveinarne du sende, herre! 26Og no, herre! so sant som Herren liver, og so sant du sjølv liver, og Herren hev meinka deg frå blodskuld og sjølvtekt - gjev det må ganga med uvenerne dine og alle som lurer på å gjera deg mein, like eins som det gjeng med Nabal! 27Lat no desse gåvor, som terna di hev ført med til deg, verta utskifte millom dei sveinarne som fylgjer deg! 28Herre, tilgjev terna di det ho hev synda! Herren skal visseleg byggja upp åt deg, herre, eit hus som vert standande. For du herre, fører striden for Herren. Inkje vondt hev dei funne hjå deg heile ditt liv. 29Ris det upp nokon og forfylgjer deg og vil taka livet av deg, gjev so ditt liv, herre, må vera bunde i bundelen av dei livande hjå Herren, din Gud! Men livet åt uvenerne dine skal han leggja i slyngja, og slengja burt. 30Når Herren gjer med deg, herre, alt det gode han hev lova deg, og set deg til fyrste yver Israel, 31so skal ikkje dette verta til støytestein eller til samvitsagg for deg, herre, at du hev rent ut skuldlaust blod, og at du, herre, hev teke deg sjølv til rettes. Men når Herren gjer godt med deg, herre, so kom i hug terna di!» 32Då svara David Abiga’il: «Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag hev sendt deg til møtes med meg! 33Velsigna vere vitet ditt! og velsigna vere du sjølv, som i dag meinkar meg i blodskuld og sjølvtekt. 34Men so sant Herren, Israels Gud, liver, han som hev halde meg frå å gjera deg noko mein - hadde du ikkje straks møtt meg, so vilde ikkje karmannsemne vore att i huset hans Nabal ved solarkoma i morgon.» 35David tok då imot av henne det ho førde med seg til honom. Og han sagde med henne: «Far heim att i fred! Sjå, eg hev lydt dine ord og gjort som du bad.» 36Då no Abiga’il kom heim til Nabal, heldt han nett gilde heime. Det var som eit kongsgilde. Og Nabal var lystig og fjåg, og han var ovdrukken. Difor gat ho ikkje det minste med honom, fyrr um morgonen ved dagsprett. 37Men morgonen etter, då Nabal hadde sove ut ruset, fortalde kona hans det som var hendt. Då lamdest hjarta hans i bringa, og han vart som ein stein. 38Kring ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde. 39Då David spurde at Nabal var dåen, sagde han: «Lova vere Herren som hev hemnt på Nabal den svivyrding han synte meg, og som meinka tenaren sin frå å gjera vondt, med di Herren let vondskapen hjå Nabal koma att på hans eige hovud!» David sende bod og bela til Abiga’il og vilde hava henne til kona. 40Då tenarane åt David kom til Abiga’il på Karmel, bar dei fram målemnet sitt: «David hev sendt oss for å bela til deg for honom.» 41Då reis ho upp og å fall å gruve til jordi og sagde: «Sjå, terna di er viljug til å vera ei trælkvinna som tvær føterne åt tenarane til herren min.» 42So skunda Abiga’il seg, reis upp og sette seg på asnet; like eins dei fem ternorne hennar som var fylgjet hennar. So fylgde ho med sendemennerne til David. Og ho vart kona hans. 43David hadde dessutan teke til kona Ahinoam frå Jizre’el, so båe desse tvo vart konorne hans. 44Men Saul hadde gjeve Mikal, dotter si, kona hans David, åt Palti La’isson frå Gallim.