1Filistarane stemnde saman herarne sine til strid. Dei stemnde til Soko, som høyrer til Juda. Og dei lægra seg millom Soko og Azeka ved Efes-Dammim. 2Saul og Israels hermenner hadde og samla seg, og lægra seg i Eikedalen. Dei fylkte seg til slag mot filistarane. 3Filistarane stod på den eine fjellsida, Israels-mennerne på hi, med dalen midt imillom seg. 4Då steig det fram frå filistarfylkingi ei einvigskjempa. Han var frå Gat, og heitte Goliat, var seks alner og ei spann høg. 5Han hadde ein koparhjelm på hovudet, og gjekk med ei ringbrynja av kopar på fem tusund lodd. 6Han hadde koparspenger på føterne, og bar eit koparspjot på ryggen. 7Spjotskaftet var som ein vevbom, og jarnet på spjotodden vog seks hundrad lodd. Og våpnsveinen hans gjekk fyre honom. 8Han steig no fram og ropa til Israels-fylkingi, og sagde til deim: «Kvifor dreg de ut og fylkjer dykk til slag? Er ikkje eg filistar? og de Sauls trælar? Vel dykk ein som kann koma hit ned til meg! 9Magtast han slåst med meg og fella meg, so skal me vera dykkar trælar. Men vinn eg på honom og feller honom, so skal de vera våre trælar og tena oss.» 10Filistaren ropa framleides: «No hev eg svivyrdt Israels-fylkingi. Send ein hit til meg, so me kann slåst!» 11Då Saul og heile Israel høyrde desse ordi av filistaren, skalv dei og vart ovleg rædde. 12David var son åt denne efratiten Isai som er nemnd, i Betlehem i Juda. Isai hadde åtte søner. På Sauls tid var han gamall og mykje til års komen. 13Dei tri eldste sønerne åt Isai fylgde Saul i krigen. Desse tri sønerne hans som gjekk i krigen heitte: den eldste Eliab, den andre Abinadab, og den tridje Samma. 14David var den yngste. Det var dei tri eldste som fylgde Saul. 15Og David gjekk tidt heim frå Saul og gjætte smalen åt far sin i Betlehem. 16Filistaren kom fram kvar morgon og kvar kveld i fyrti dagar. 17Isai sagde med David, son sin: «Tak ei skjeppa av desse steikte aksi, og desse ti brødi, og skunda deg med deim til lægret til brørne dine! 18Og desse ti osteskivorne skal du gjeva føraren. Du skal sjå um det stend vel til med brørne dine, og få ei kvitting av deim. 19For Saul og dei og heile Israels-heren er i Eikedalen i krig med filistarane.» 20Tidleg næste morgon reis David upp, let smalen åt ein hyrding, leste på seg og gjekk av stad, som Isai hadde bode honom. Han kom fram åt vognborgi, nett med same heren gjekk fram i fylking og lyfte herrop. 21Dei stod no slagbudde både Israel og filistarane, fylking mot fylking. 22David let trænvakti taka vare på føringi si, og sprang burt til heren. Han helsa på brørne sine, og spurde kor til stod. 23Med han stod og tala med deim, fekk han sjå einvigskjempa, filistaren - Goliat heitte han, og var frå Gat - som kom fram or filistarfylkingi, og tok upp att dei vanlege ordi, so David høyrde det. 24Alle Israels-mennerne rømde undan då dei såg honom, og var ovleg rædde. 25Ein av Israels-mennerne sagde: «Ser de den karen som kjem fram der? Til svivyrding for Israel kjem han. Den som feller honom, vil kongen gjeva rikdom, og dotter si vil han gjeva honom, og ætti hans skal verta fri alle skattar og tyngslor i Israel.» 26David spurde deim som stod attmed honom: «Kva fær den som feller denne filistaren og tek ei sovori svivyrding burt frå Israel? for kven er denne u-umskorne filistaren som vågar svivyrda fylkingarne åt den livande Gud?» 27Folki tok upp att dei same ordi; Det og det vil den få som feller honom. 28Då Eliab, eldste bror hans, høyrde kva han sagde med folki, vart han brennande harm på David. «Kva kjem du her etter?» ropa han. «Kven hev du late den vesle smaleflokken til burte i øydemarki? Eg veit du er ei vyrdløysa, og full av vondska. Du kjem berre og vil sjå på slaget.» 29David sagde: «Kva hev eg då gjort? Det var då berre ein spurnad.» 30So vende han seg frå honom mot ein annan og kom med same spursmålet; og han fekk same svaret som fyrr. 31Men dei spurdest, desse ordi David hadde sagt. Og dei kom for øyro åt Saul, og han sende bod etter honom. 32Og David sagde med Saul: «Ingen må missa modet. Tenaren din vil ganga imot denne filistaren og slåst med honom.» 33Men Saul sagde til David: «Du er ikkje før til å ganga i strid mot denne filistaren. Du er berre ungguten, og han er stridsmann alt frå barneåri.» 34David svara Saul: «Tenaren din hev gjætt smalen til far; kom då ei løva eller ein bjørn og røva ein sau i flokken, 35so fylgde eg etter og drap udyret og reiv sauen ut or gapet på det. Um det reis upp på tvo imot meg, tok eg strupetak og gav det bane. 36Hev no tenaren din felt både løva og bjørn, skal det ganga nett like eins med denne u-umskorne filistaren; for han hev svivyrdt fylkingarne åt den livande Gud.» 37Og David sagde: «Herren som fria meg ut or klørne åt løva og bjørn, han vil fria meg frå denne filistaren.» Då sagde Saul med David: «Gakk! og Herren vil vera med deg.» 38Saul klædde på David våpnkjolen sin, sette ein koparhjelm på hovudet hans og gav honom ei brynja. 39Og David spente sverdet hans ikring seg utanpå våpnkjolen, og freista ganga soleis. Men han var ikkje van med det, og han sagde til Saul: «Eg kann ikkje ganga med dette på meg; eg er ikkje van med det.» Og David lagde det av seg. 40So tok han staven sin i handi, og fann seg fem av dei hålaste steinarne i bekkjefaret og lagde deim i gjætarskreppa si, som han hadde på seg. Slyngja si tok han i handi. Og so gjekk han fram imot filistaren. 41Filistaren gjekk og fram imot David, og skjoldsveinen hans gjekk fyre. 42Då no filistaren gådde David, bles han åt honom; for han var berre ungguten, raudleitt og væn å sjå til. 43Filistaren ropa til David: «Meinar du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med stavar?» Og han banna David ved guden sin. 44«Kom hit til meg!» ropa filistaren til David, «so skal eg gjeva kjøtet ditt åt fuglarne under himmelen og åt villdyri i marki.» 45David svara filistaren: «Du kjem imot meg med sverd og langspjot og kastespjot. Men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, allhers drott, han som er Gud for Israels-fylkingarne, deim som du hev svivyrdt. 46I dag skal Herren gjeva deg i mitt vald. Eg skal fella deg og hogga hovudet ditt av deg. Dei daude skrottarne til filistarheren skal eg i dag gjeva åt fuglarne under himmelen og åt villdyri i marki, so all jordi skal skyna at Israel hev ein Gud, 47og heile denne lyden skal skyna at det er ikkje med sverd og spjot Herren gjev siger. Striden høyrer Herren til; han gjev dykk i vår hand.» 48Då no filistaren budde seg og gjekk til møtes med David, skunda David seg og sprang fram imot filistaren, burtimot filistarfylkingi. 49David stakk handi i skreppa, tok upp ein stein, kasta, og råka filistaren i panna. Steinen sokk i panna hans, so han datt å gruve til jordi. 50Soleis vann David på filistaren med ei slyngja si og ein stein, og drap filistaren, endå han hadde ikkje sverd i handi. 51David sprang burtåt filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap honom og hogg hovudet av honom med det. Då filistarane såg at kjempa deira var daud, rømde dei. 52Israels-heren og Juda-heren lagde i veg, lyfte herrop, og forfylgde filistarane dit der vegen tek av til Gai, ja heilt til portarne i Ekron; so det låg falne filistarar på vegen til Sa’arajim, ja heilt til Gat og Ekron. 53So snudde Israels-heren attende frå forfylgjingi, og herja filistarlægret. 54David tok hovudet åt filistaren og førde til Jerusalem; men våpni hans tok han heim til seg. 55Då Saul såg David ganga imot filistaren, sagde han med Abner, herhovdingen sin: «Abner, kven er den guten son til?» Abner svara: «So visst som du liver, konge! eg veit ikkje.» 56Då sagde kongen: «Få du greide på kven den ungdomen er son til!» 57Og då David kom att, etter han hadde felt filistaren, tok Abner og førde honom fram for Saul; han heldt hovudet åt filistaren i handi. 58Og Saul spurde honom: «Kven er du son til, guten min?» David svara: «Son til tenaren din, Isai i Betlehem.»