1Elkana heitte ein mann, ein sufit som budde i Rama, på Efraimsheidi. Han var son åt Jeroham, son åt Elihu, son åt Tohu, son åt Suf, ein efraimit. 2Han hadde tvo konor; Hanna heitte den eine, Peninna heitte hi. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus. 3År etter år drog denne mannen upp frå byen sin, og tilbad og ofra i Silo til Herren, allhers drott. Der var dei tvo Eli-sønerne Hofni og Pinehas prestar for Herren. 4Alltid når Elkana ofra, gav han Peninna, kona si, og alle sønerne og døtterne hennar kvar sin lut. 5Men Hanna gav han ein lut for tvo; for han elska Hanna, endå Herren hadde stengt morslivet hennar. 6Og medtevlaren hennar erga og terga henne, og vilde øsa henne upp i egse, for di Herren hadde stengt morslivet hennar. 7Soleis gjorde han år etter år, kvar gong ho kom upp til Herrens hus; ho terga henne sameleis. Og då gret ho og vilde ikkje eta. 8Elkana, mannen hennar, sagde til henne: «Hanna, kvifor græt du? og kvifor et du ikkje? Og kvifor er du so hugsjuk? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?» 9Ein gong dei hadde ete og drukke i Silo, reis Hanna upp - presten Eli sat på ein stol attmed den eine dørstolpen til Herrens heilagdom - 10Og i hjartans sut bad ho til Herren og gret sårt. 11Og ho gjorde ein lovnad og sagde: «Herre, du allhers drott! vil du venda augo til vesaldomen åt trælkvinna di og tenkja på meg, og ikkje gløyma trælkvinna di, men gjeva trælkvinna di eit gutebarn, so vil eg vigja honom til Herren for alle hans livedagar, og aldri skal det koma saks på hovudet hans.» 12Ho heldt lenge på og bad framfor Herren. Og Eli fylgde munnen hennar med augo; 13for Hanna bad ikkje høgt; ho leda berre lipporne, men mælet høyrdest ikkje. So trudde Eli ho var drukki. 14Difor sagde til henne: «Kor lenge vil du syna deg drukki? Sjå til å få ruset til å siga av deg!» 15Men Hanna svara: «Nei, herre! eg er ei sorgtyngd kona. Vin og rusdrykk hev eg ikkje drukke; men eg hev rent ut hjarta mitt for Herren. 16Haldt ikkje trælkvinna di for ei uvyrda! for det er utav stor sorg og trege eg hev tala heile tida.» 17Eli svara og sagde: «Far i fred! Israels Gud skal gjeva deg det du hev bede honom um!» 18Då sagde ho: «Å gjev trælkvinna di må finna godvilje hjå deg!» So gjekk ho sin veg, og fekk seg mat, og ho synte ikkje suti si meir. 19Morgonen etter reis dei upp tidleg og heldt bøn framfor Herren. So for dei attende og kom til Rama. Elkana budde saman med Hanna, kona si, og Herren kom henne i hug. 20Då det hadde lide ei tid, vart Hanna med barn, og åtte ein son, som ho kalla Samuel; «for», sagde ho, «eg hev bede Herren um honom.» 21Elkana drog upp med heile huslyden sin og ofra til Herren det årlege slagtofferet sitt, og offer han hadde lova. 22Men Hanna drog ikkje med. Ho sagde til mannen sin: «Eg vil bia til dess vesleguten er avvand. Då vil eg føra honom med meg og syna honom fram for Herren, so han sidan kann halda til der alle dagar.» 23Elkana, mannen hennar, sagde med henne: «Gjer som du tykkjer best. Bia til dess du hev vant honom av. Berre Herren må gjera etter sitt ord!» So var kona att heime og hadde son sin til brjostet, til dess ho vande honom av. 24Men då han var avvand, tok ho honom med dit upp, og hadde med seg tri uksar, ei skjeppa mjøl og ei vinhit, og ho førde honom inn i Herrens hus i Silo. Men han var berre ein liten gut. 25Dei slagta uksen, og førde so vesleguten til Eli. 26Ho sagde: «Høyr, herre! so sant du liver, herre, so er eg den kona som stod her attmed deg og bad til Herren. 27Um denne guten bad eg, og Herren høyrde bøni mi og gav meg det eg bad um. 28Difor gjev eg honom att til Herren, so han skal vera ei gåva frå Herren alle sine livedager.» Og dei bad til Herren der.