1Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som og hev lut i den herlegdomen som skal openberrast: 2Gjæt den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvminnt, ikkje for ei skamleg vinning, men med hug, 3ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydarne, men so at de vert fyredøme for hjordi. 4Når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen. 5Like eins skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de klæda dykk i audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 6So audmyk dykk då under Guds velduge hand, so han kann upphøgja dykk i si tid! 7Kasta all dykkar sut på honom; for han hev umsut for dykk! 8Ver ædrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa; 9statt honom imot, trauste i trui, sidan de veit at dei same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi! 10Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk. 11Honom høyrer magti til i all æva. Amen. 12Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg han er - skriv eg stutt til dykk og påminner og vitnar at dette er Guds sanne nåde, som de stend i. 13Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min. 14Helsa kvarandre med kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!