1Då stemnde Salomo saman styresmennerne i Israel, alle ættarhovdingarne, formennerne for ættgreinerne åt Israels-sønerne, til kongen i Jerusalem; dei skulde henta Herrens sambandskista upp frå Davidsbyen, det er Sion. 2Då samla alle Israels-mennerne seg hjå kong Salomo i helgi i månaden etanim, det er sjuande månaden. 3Då no alle styresmennerne i Israel kom, tok prestarne upp kista 4og bar Herrens kista og møtetjeldet dit upp saman med alle dei heilaggognerne som var i tjeldet; det var prestarne og levitarne som bar deim upp. 5Og kong Salomo stod framfor sambandskista i lag med heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå honom. Og dei ofra småfe og storfe i uteljande og ureknande mengd. 6Prestarne flutte sambandskista inn i koren, i det høgheilage, inn under vengjerne av kerubane, der ho skulde vera. 7For kerubarne breidde ut vengjerne yver den staden der kista stod, so at kerubarne tekte yver både kista og stengerne hennar. 8Stengerne var so lange at ein kunne vel sjå endarne av deim ifrå det heilage framfyre koren, men ikkje lenger ute. Og der vart dei verande til denne dag. 9Det fanst ikkje anna i kista enn dei tvo steintavlorne som Moses hadde lagt i henne der ved Horeb den gongen Herren gjorde samband med Israels-borni, då dei drog ut or Egyptarland. 10Då no prestarne gjekk ut or heilagdomen, fyllte skyi Herrens hus, 11so prestarne for skyi skuld kunde ikkje standa og gjera tenesta, etter di Herrens herlegdom fyllte Herrens hus. 12Då sagde Salomo: «Herren hev sagt at han vil bu i dimma. 13No hev eg bygt eit hus til bustad åt deg, ein stad der du kann dvelja æveleg.» 14So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod. 15Han sagde: «Lova vere Herren, Israels Gud! Med handi si hev han halde det som han med munnen sin lova David, far min, då han sagde: 16«Frå den tidi då eg førde Israel, folket mitt, ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av alle Israels ætter der ein kunde byggja eit hus til bustad for namnet mitt. Men David hev eg valt ut til å råda yver Israel, folket mitt.» 17Og David, far min, sette seg nok fyre å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud. 18Men Herren sagde til David, far min: «Når du hev sett deg fyre å byggja eit hus for namnet mitt, so hev du gjort vel i at du hev fenge sovorne i tankarne. 19Men byggja dette huset skal ikkje du; son din, som gjeng ut av dine lender, skal byggja huset for namnet mitt.» 20Og Herren hev sett i verk ordet sitt; eg er komen upp i romet etter David, far min, og eg hev sett meg i Israels kongsstol, soleis som Herren lova, og eg hev bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud. 21Og der hev eg reidt til eit rom for kista som Herrens samband er i, det som han gjorde med federne våre, den gongen han leidde deim ut or Egyptarland.» 22So stelte Salomo seg fram for Herrens altar rett imot heile Israels-lyden, rette ut henderne sine imot himmelen 23og sagde: «Herre, Israels Gud! Ingen gud er deg lik, i himmelen der uppe eller på jordi her nede, du som held uppe sambandet og nåden mot tenarane dine når dei ferdast for di åsyn med heile sitt hjarta, 24du som hev halde det du lova tenaren din, David, far min, og som hev fullført med handi det du tala med munnen, som det syner seg i dag. 25So haldt no og, Herre, Israels Gud, det som du lova tenaren din, David, far min, då du sagde: «Aldri skal den tid koma at det ikkje sit ein mann av di ætt på Israels kongsstol for mi åsyn, når berre sønerne dine vaktar sin veg so dei ferdast for mi åsyn soleis som du hev gjort det.» 26Å, Israels Gud, lat det sannast det ordet som du tala til tenaren din, David, far min! 27Men kann då Gud i røyndi bu på jordi? Sjå, himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt. 28Men vend deg likevel til bøni åt tenaren din og hans påkalling, Herre, min Gud, so du høyrer på det ropet og den bøni som tenaren din bed for di åsyn i dag, 29og let augo dine vera opne mot dette huset natt og dag, mot den staden som du hev sagt det um at her skal namnet ditt bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden! 30Ja, høyr på den påkalling som tenaren din, og Israel, folket ditt, vender mot denne staden; høyr det på den staden du bur i himmelen! Og når du høyrer, so må du tilgjeva. 31Forsyndar einkvar seg mot næsten sin, og dei legg ein eid på honom, so ein let honom sverja, og han so kjem inn og sver framfyre altaret ditt i dette huset, 32so må du høyra det i himmelen, og setja i verk og døma imillom tenarane dine, med di du segjer den skuldig som saka er og let honom lida for si åtferd, men frikjenner den rettferdige og let honom få etter si rettferd. 33Når Israel, folket ditt, lid usiger mot fienden, for di dei syndar imot deg, men dei so vender um att til deg og vedkjennest ditt namn og bed og tiggar deg um nåde i dette huset, 34so vil du høyra det i himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, den syndi dei gjorde, og føra deim heim att til det landet du hev gjeve federne deira! 35Når himmelen let seg att, so det ikkje kjem regn, for di dei syndar imot deg, og dei so snur seg mot denne staden med bøn, og dei vedkjennest namnet ditt og vender um ifrå syndi si, av di du audmjuker deim, 36so må du høyra det i himmelen og tilgjeva tenarane dine og Israel, folket ditt, syndi deira, for du lærer deim den gode vegen dei skal ganga på; og du må gjeva regn yver landet ditt, som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga. 37Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust, eller det kjem engsprettor og åmor, eller fienden trengjer folket i det landet der det hev byarne deira, eller kva for ei plåga eller sjukdom det er - 38kvar gong det då stig upp ei bøn eller ei audmjuk påkalling frå eit menneskje i heile folket ditt, Israel, som kjenner sitt hjarte-mein og rettar ut henderne sine mot dette huset, 39so må du høyra det i himmelen der du bur, og du må tilgjeva og setja i verk og gjeva kvar mann lika for all hans ferd, av di du kjenner hjarta hans - for einast du kjenner hjarta hjå alle folk - 40so dei må ottast deg all den tid dei liver på den jordi som du hev gjeve federne våre. 41Jamvel den framande, som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt burte, for namnet ditt skuld 42- for dei og kjem til å få høyra um ditt store namn, um di sterke hand og um din strake arm - når han kjem og vender bønerne sine mot dette huset, 43so må du høyra i himmelen der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg um, so alle folk på jordi må læra å kjenna namnet ditt og ottast deg, liksom Israel, folket ditt, og skyna at dette huset som eg hev bygt, er uppkalla etter ditt namn. 44Når folket ditt fer ut i herferd mot fienden sin på den vegen du sender deim, og dei so bed til Herren med andlitet mot denne byen du hev valt ut og det huset som eg hev bygt åt namnet ditt, 45so må du i himmelen høyra bøni og påkallingi deira og hjelpa deim til retten sin. 46Når dei syndar imot deg - for det finst ikkje noko menneskje som ikkje syndar - og du harmast på deim og let fienden få magt yver deim, so han fangar deim og fører deim burt til fiendeland langt av leid eller nær ved, 47og dei då tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i landet åt deim som held deim i band, og segjer: «Me hev synda og gjort ille, me hev vore ugudlege,» 48og dei vender um til deg med heile sitt hjarta og all si sjæl der i fiendeland hjå deim som hev ført deim i trældom, og bed til deg med andlitet imot landet sitt, som du hev gjeve federne deira, imot den byen som du hev valt ut og det huset som eg hev bygt åt namnet ditt, 49so må du i himmelen, der du bur, høyra bøni og påkallingi deira og hjelpa deim til retten sin, 50og tilgjeva folket ditt det dei hev synda imot deg og all den misgjerd dei hev gjort i mot deg, og lata deim finna miskunn hjå deim som held deim i band, so dei gjer sælebot på deim; 51for dei er ditt folk og din arv, som du leidde ut or Egyptarland, midt ut or jarnomnen. 52Ja, gjev augo dine må vera opne for påkallingi åt tenaren din og folket ditt, Israel, so du høyrer på deim so tidt som dei ropar til deg. 53For du hev skilt deim ut ifrå alle folk på jordi, so dei skal vera din arv soleis som du hev tala gjenom Moses, tenaren din, då du leidde federne våre ut or Egyptarland, Herre, Herre!» 54Og då Salomo hadde enda heile denne bøn og audmjuke påkalling til Herren, reis han upp frå Herrens altar, der han hadde lege på kne med henderne utbreidde imot himmelen. 55Og han steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sagde: 56«Lova vere Herren, som hev gjeve folket sitt, Israel, ro, plent som han hev sagt! Ikkje eitt ord hev vorte um inkje av alt det gode han hev lova ved Moses, tenaren sin. 57Måtte Herren, vår Gud, vera med oss, som han hev vore med federne våre, og ikkje venda seg frå oss eller støyta oss burt, 58men bøygja hjarta vårt til seg, so me gjeng på alle hans vegar og held hans bod og fyreskrifter og rettar, som han gav federne våre. 59Og måtte desse ordi mine, som eg audmjukt hev bede for Herrens åsyn, vera nærverande for Herren, vår Gud, både dag og natt, so han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira etter som det trengst kvar dag, 60so at alle folk på jordi må skyna at Herren er Gud og ingen annan. 61Og de må gjeva dykk til Herren, vår Gud, med heile dykkar hjarta, so de ferdast i hans fyreskrifter og held hans bod som de gjer i dag.» 62Og kongen og heile Israel med honom ofra slagtoffer for Herrens åsyn. 63Til det takkofferet som Salomo ytte Herren, tok han tvo og tjuge tusund stykke storfe og eit hundrad og tjuge tusund stykke småfe. Soleis vigde kongen og heile Israels-lyden Herrens hus. 64Same dagen helga Salomo den midtre luten av tunet framfyre Herrens hus; for der ofra han brennoffer, grjonoffer og feittstykke av takkofferet, etter di koparaltaret, som stod for Herrens åsyn, var for lite til å røma brennofferet og grjonofferet og feittstykki av takkofferi. 65På den tid høgtida Salomo helgi saman med heile Israel - ein stor møtelyd like frå den staden der vegen gjeng til Hamat og til Egyptarlands-bekken - framfor Herren, vår Gud, i sju dagar og endå i sju dagar, fjortan dagar i alt. 66Den åttande dagen let han folket fara, og dei bad velliva med kongen og tok heim kvar til seg, glade og velnøgde for alt det gode som Herren hadde gjort imot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.