1Mine born! Dette skriv eg til dykk so de ikkje skal synda, og um nokon syndar, so hev me hjå Faderen ein målsmann, Jesus Kristus, den rettferdige, 2og han er ei soning for synderne våre, og ikkje berre for våre, men og for alle i heile verdi. 3Og på dette veit me at me kjenner honom: um me held bodi hans. 4Den som segjer: «Eg kjenner honom», og ikkje held bodi hans, han er ein ljugar, og i honom er ikkje sanningi. 5Men den som held ordet hans, i honom er i sanning kjærleiken til Gud fullkomen. På dette kjenner me at me er i honom. 6Den som segjer at han er i honom, han er og skuldig til å ferdast so som han hev ferdast. 7De kjære! det er ikkje eit nytt bod eg skriv åt dykk, men eit gamalt bod, som de hev havt ifrå upphavet. Det gamle bodet er det ordet de hev høyrt ifrå upphavet. 8Og like vel er det eit nytt bod eg skriv åt dykk, og det er sant i honom og i dykk; for myrkret kverv burt, og det sanne ljoset skin alt no. 9Den som segjer at han er i ljoset, og som hatar bror sin, han er endå i myrkret. 10Den som elskar bror sin, han er i ljoset, og i honom finst det ikkje noko som fører til fall. 11Men den som hatar bror sin, han er i myrkret og ferdast i myrkret, og han veit ikkje kvar han gjeng; for myrkret hev blinda augo hans. 12Eg skriv til dykk, born, for synderne er dykk forlatne for hans namn skuld. 13Eg skriv til dykk, feder, for de kjenner honom som er frå upphavet. Eg skriv til dykk, ungdomar, for de hev sigra yver den vonde. 14Eg hev skrive til dykk, born, for de kjenner Faderen. Eg hev skrive til dykk, feder, for de kjenner honom som er frå upphavet. Eg hev skrive til dykk, ungdomar, for de er sterke, og Guds ord vert verande i dykk, og de hev sigra yver den vonde. 15Elska ikkje verdi, og ikkje dei ting som er i verdi! Um nokon elskar verdi, so er ikkje kjærleiken til Faderen i honom. 16For alt det som er i verdi: kjøtslyst og augnelyst og storlæte i livnad, det er ikkje av Faderen, men av verdi. 17Og verdi og hennar lyst forgjengst; men den som gjer Guds vilje, han vert verande til æveleg tid. 18Born! Det er den siste timen; og som de hev høyrt at Antikrist kjem, so er no mange anti-kristar komne, og på det skynar me at det er den siste timen. 19Dei er gjengne ut ifrå oss, men dei var ikkje av oss; for hadde dei vore av oss, so hadde dei vorte verande hjå oss; men det skulde verta synbert at ikkje alle er av oss. 20Og de hev salving av den Heilage og veit alt. 21Eg skreiv ikkje til dykk av di de ikkje kjenner sanningi, men av di de kjenner henne, og veit at all lygn ikkje er av sanningi. 22Kven er ljugaren, utan han som neittar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som neittar Faderen og Sonen. 23Kvar den som neittar Sonen, han hev ikkje Faderen heller; den som vedkjennest Sonen, han hev og Faderen. 24Lat det då verta verande i dykk, det som de høyrde frå upphavet; dersom det de høyrde frå upphavet, vert verande i dykk, so vert de og verande i Sonen og i Faderen. 25Og dette er den lovnaden som han lova oss: det ævelege livet. 26Dette hev eg skrive til dykk um deim som dårar dykk. 27Og den salving de fekk av honom, ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon skal læra dykk noko; men liksom salvingi hans lærer dykk alt, so er det og sant og slett ikkje lygn; og vert verande i honom, so som ho lærde dykk! 28Og no, born, ver i honom, so me kann hava frimod når han vert openberra, og ikkje verta til skammar for honom i hans tilkoma! 29Veit de at han er rettferdig, so skynar de at kvar den som gjer rettferd, er fødd av honom.