1Det som var ifrå upphavet, det som me hev høyrt, det som me hev set med augo våre, det som me skoda, og henderne våre tok på, um livsens ord 2- og livet vart openberra, og me hev set det og vitnar og forkynner dykk livet, det ævelege, som var hjå Faderen og vart openberra for oss - 3det som me hev set og høyrt, det forkynner me dykk og, so de kann hava samfund med oss. Men vårt samfund er med Faderen og med hans son Jesus Kristus. 4Og dette skriv me, so dykkar gleda kann vera fullkomi. 5Og dette er den bodskapen me hev høyrt av honom og forkynner dykk, at Gud er ljos, og det finst inkje myrker i honom. 6Dersom me segjer at me hev samfund med honom, og me ferdast i myrkret, so lyg me og gjer ikkje sanningi. 7Men dersom me ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, so hev me samfund med kvarandre, og Jesu, hans sons, blod reinsar oss frå all synd. 8Dersom me segjer at me ikkje hev synd, so dårar me oss sjølve, og sanningi er ikkje i oss. 9Dersom me sannar synderne våre, so er han trufast og rettferdig, so han forlet oss synderne og reinsar oss frå all urettferd. 10Dersom me segjer at me ikkje hev synda, so gjer me honom til ljugar, og hans ord er ikkje i oss.