1Men vedkomande avgudsoffer, so veit me at me alle hev kunnskap. - Kunnskapen blæs upp, men kjærleiken byggjer upp. 2Um nokon tykkjest kjenna noko, han hev aldri kjent noko soleis som ein skal kjenna det. 3Men um nokon elskar Gud, so er han kjend av honom. - 4Vedkomande eting av avgudsoffer, so veit me at ingen avgud i verdi er til, og at det finst ingen annan Gud enn ein. 5For um det og er dei som vert kalla gudar anten i himmelen eller på jordi - som det er mange gudar og mange herrar - 6so finst det då for oss berre ein Gud, Faderen, som alle ting er av, og me til honom, og ein Herre, Jesus Kristus, som alle ting er til ved, og me ved honom. 7Men den kunnskap er ikkje hjå alle; men sume gjer seg endå samvit for avguden skuld og et det som avgudsoffer, og då samvitet deira er veikt, vert det ureint. 8Men mat gjev oss ikkje verd for Gud; korkje vinn me noko um me et, eller taper noko um me ikkje et. 9Men sjå til at ikkje denne fridomen dykkar vert til støyt for dei veike! 10For um nokon ser deg som hev kunnskap sitja til bords i avgudshuset, vert då ikkje samvitet hjå honom som er veik, tilstyrkt til å eta avgudsoffer? 11Og den veike bror, som Kristus døydde for, vert då fortapt for din kunnskap skuld! 12Men når de soleis syndar imot brørne og sårar deira veike samvit, so syndar de mot Kristus. 13Difor, dersom mat valdar støyt for bror min, so vil eg i all æva ikkje eta kjøt, so eg ikkje skal valda støyt for bror min.