1Men vedkomande det som de skreiv um, so er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinna. 2Men for hor skuld skal kvar mann hava si eigi kona, og kvar kvinna sin eigen mann! 3Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona imot mannen! 4Kona råder ikkje yver sin eigen likam, men mannen; like eins råder ikkje heller mannen yver sin eigen likam, men kona. 5Haldt dykk ikkje frå einannan, utan etter samråd, til ei tid, so de kann liva berre for bøn, og kom so atter saman, so Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kann vera fråhaldande. 6Men dette segjer eg som eit løyve, ikkje til påbod. 7For eg vilde at alle menneskje var liksom eg; men kvar hev si eigi nådegåva av Gud, den eine so, den andre so. 8Til dei ugifte og til enkjorne segjer eg: Det er godt for deim um dei vert verande som eg. 9Men kann dei ikkje halda seg frå, so fær dei gifta seg, for det er betre å gifta seg enn å lida brune. 10Men deim som er gifte, byd ikkje eg, men Herren, at kona ikkje må skiljast frå mannen - 11men er ho skild frå honom, skal ho verta verande ugift eller semjast med mannen - og at ein mann ikkje må skilja seg frå kona si. 12Til dei andre segjer eg, ikkje Herren: Um ein bror hev ei vantruande kona, og ho samtykkjer i å bu hjå honom, so skal han ikkje skilja seg frå henne; 13og ei kona som hev ein vantruande mann, og han samtykkjer å bu hjå henne, ho skal ikkje skilja seg frå mannen! 14For den vantruande mannen er helga ved kona, og den vantruande kona er helga ved broren; for elles var borni dykkar ureine, men no er dei heilage. 15Men skil den vantruande seg ifrå, so lat honom skilja seg; for broren eller systeri er ikkje trælbundne i slike ting, men Gud hev kalla oss til fred. 16For kva veit du, kona, um du kann frelsa mannen? Eller kva veit du, mann, um du kann frelsa kona? 17Berre at kvar må ferdast so som Herren hev gjeva honom, som Gud hev kalla honom. Og soleis segjer eg fyre i alle kyrkjelydarne. 18Er nokon kalla då han var nokon umskoren, so drage han ikkje fyrehud yver; er nokon kalla då han var u-umskoren, so late han seg ikkje umskjera! 19Umskjering er ingen ting, og fyrehud er ingen ting, men det å halda Guds bod. 20Kvar og ein verte verande i det kall som han er kalla i! 21Er du kalla som træl, so syt ikkje for det! Men kann du og verta fri, so gjer heller bruk av det! 22For den træl som er kalla i Herren, han er Herrens frigjevne; like eins og den frie som er kalla, han er Kristi træl. 23De er dyrt kjøpte; vert ikkje trælar for menneskje! 24I det stand som kvar er kalla i, brør, i det verte han verande hjå Gud! 25Men um møyarne hev eg ikkje noko bod frå Herren, men eg segjer mi meining, sidan eg av Herren hev fenge miskunn til å vera truverdig. 26Eg meiner då det, at det for den noverande naud skuld er godt for eit menneskje å vera soleis. 27Er du bunden til ei kona, so søk ikkje skilsmål! Er du ubunden av ei kona, so søk ikkje ei kona! 28Men um du og gifter deg, syndar du ikkje; og um ei møy gifter seg, syndar ho ikkje; men slike kjem til å få trengsla for kjøtet, men eg vilde gjerne spara dykk. 29Men det segjer eg, brør: Tidi er stutt, so at dei som hev konor, skal heretter vera som dei som ikkje hev, 30og dei gråtande som ikkje gråtande, og dei glade som ikkje glade, og dei kjøpande som ikkje eigande, 31og dei som brukar denne verdi, som dei som ikkje brukar henne; for skapnaden åt denne verdi forgjengst. 32Eg vil helst at de skal vera utan umsut. Den ugifte hev umsut for det som høyrer Herren til, korleis han kann vera Herren til hugnad. 33Men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis han skal vera kona til hugnad. 34Det er skilnad på kona og møy. Den ugifte kvinna hev umsut for det som høyrer Herren til, at ho kann vera heilag både på likam og ånd; men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis ho kann vera mannen til hugnad. 35Dette segjer eg til dykkar eige gagn, ikkje til å setja ei snara for dykk, men til å fremja sømd og stødt vedhald for Herren. 36Men um nokon trur at det er urett for hans ugifte dotter, når ho er utyver ungdomsalderen, og det må so vera, han gjere då som han vill, han syndar ikkje; lat deim gifta seg! 37Men den som stend fast i hjarta og ikkje er nøydd, men hev vald yver sin eigen vilja og hev sett seg det fyre i sitt hjarta at han vil halda dotter si ugift, han gjer vel; 38so at både den som gifter burt, gjer vel, og den som ikkje gifter burt, gjer betre. 39Ei kona er bundi so lenge mannen hennar liver; men når mannen hennar er avsovna, er ho fri, so ho kann gifta seg med kven ho vil, berre det vert gjort i Herren. 40Men sælare er ho, um ho vert verande som ho er, etter mi meining. Men eg trur og at eg hev Guds Ande.