1Og eg, brør, kunde ikkje tala til dykk som til åndelege, men berre som til kjøtlege, som til nyfødingar i Kristus. 2Eg gav dykk mjølk å drikka og ikkje fast føda; for de tolde det ikkje endå. Ja, de toler det ikkje enno, 3for de er enno kjøtlege; for når det er ovund og trætta millom dykk, er de då ikkje kjøtlege og ferdast på menneskjevis? 4For når ein segjer: «Eg held meg til Paulus,» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då menneskje? 5Kva er då Apollos, og kva er Paulus? Tenarar som de kom til trui ved, og det etter som Herren gav kvar for seg. 6Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7So er no korkje den noko som planter, eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8Den som plantar, og den som vatnar, er eitt, men kvar skal få si eigi løn etter sitt eige arbeid. 9For me er Guds medarbeidarar, de er Guds åkerland, Guds bygnad. 10Etter den Guds nåde som er meg gjeven, hev eg lagt grunnvoll som ein vis byggmeister, men ein annan byggjer uppå; men kvar sjå til, korleis han byggjer uppå! 11For annan grunnvoll kann ingen leggja enn den som er lagd, det er Jesus Kristus. 12Men um nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sylv, dyre steinar, tre, høy, strå, 13då skal kvar manns verk verta synbert; for dagen skal syna det, for han vert openberra med eld; og korleis kvar manns verk er, det skal elden prøva. 14Um nokon manns verk som han bygde, stend seg, so skal han få løn; 15um nokon manns verk brenn upp, so skal han missa henne; sjølv skal han då verta frelst, men so som gjenom eld. 16Veit de ikkje at de er Guds tempel, og Guds Ande bur i dykk? 17Tyner nokon Guds tempel, honom skal Gud tyna; for heilagt er Guds tempeler, og det er de. 18Ingen dåre seg sjølv! Um nokon millom dykk tykkjest vera vis i denne verdi, lat honom verta ei dåre, so han kann verta vis! 19For visdomen som høyrer denne verdi til, er dårskap for Gud. For det stend skrive: «Han fangar dei vise i deira sløgd,» 20og atter: «Herren kjenner tankarne hjå dei vise, at dei er fåfengde.» 21Difor skal ingen rosa seg av menneskje; for alt høyrer dykk til, 22anten det er Paulus eller Apollos eller Kefas, anten det er verdi eller liv eller daude, anten det er det som no er, eller det som koma skal: alt høyrer dykk til; 23men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.