1Men med samanskotet til dei heilage, so gjer de og soleis som eg hev skipa det for kyrkjelydarne i Galatia! 2På den fyrste dagen i vika leggje kvar av dykk til sida hjå seg sjølv det han måtte få lukka til, so samanskotet ikkje skal verta gjort fyrst då når eg kjem. 3Men når eg kjem, skal eg senda deim som de vil velja til det, med brev til å føra kjærleiksgåva dykkar til Jerusalem. 4Men er det verdt at eg og reiser, so kann dei reisa saman med meg. 5Eg kjem til dykk når eg hev fare gjenom Makedonia; for eg gjeng igjenom Makedonia. 6Men hjå dykk kann henda eg drygjer ei tid eller endå vert vinteren yver, so de kann fylgja meg dit som eg sidan reiser. 7For eg vil ikkje få sjå dykk no på vegen, for eg hev ei von um å få drygja ei tid hjå dykk um Herren gjev lov til det. 8Men eg drygjer i Efesus til kvitsunnhelgi. 9For ei stor og verksam dør er upplati for meg, og der er mange motstandarar. 10Når Timoteus kjem, so sjå til at han kann vera hjå dykk utan otte! for han gjer Herrens gjerning liksom eg. 11Difor må ingen vanvyrda honom. Og fylg honom på vegen i fred, at han kann koma til meg; for eg ventar honom med brørne. 12Vedkomande broren Apollos, so bad eg honom mykje at han måtte fara til dykk med brørne; han var slett ikkje viljug til å koma no, men han vil koma når han fær tid. 13Vak, statt faste i trui, ver mannelege, ver sterke! 14Lat alt hjå dykk ganga fyre seg i kjærleik! 15Eg legg dykk på hjarta, brør: de kjenner huset til Stefanas, at dei er fyrstegrøda av Akaia, og at dei hev rådt seg til å tena dei heilage - 16so vis de og vyrdnad mot deim, og like eins mot kvar den som hjelper til og gjer seg umak! 17Eg gled meg yver at Stefanas, Fortunatus og Akaikus er her; for saknaden av dykk hev dei avhjelpt. 18For dei hev kveikt upp mi og dykkar ånd. Skyna difor på slike! 19Kyrkjelydarne i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk mykje i Herren saman med kyrkjelyden i deira hus. 20Alle brørne helsar dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss! 21Helsing med mi, Paulus’, hand: 22Um nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Maran ata. 23Herren Jesu nåde vere med dykk! 24Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.