1Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de og tok imot, som de og stend faste i, 2som de og vert frelste ved, dersom de held fast ved det ordet som eg forkynte dykk det med, so framt de ikkje til unyttes hev teke ved trui. 3For eg yvergav dykk millom dei fyrste ting det som eg sjølv tok imot, at Kristus døydde for synderne våre etter skrifterne, 4og at han vart gravlagd, og at han stod upp att tridje dagen etter skrifterne, 5og at han vart sedd av Kefas, og so av dei tolv; 6so vart han sedd av meir enn fem hundrad brør på ein gong - av deim er dei fleste endå i live, men nokre er avsovna. 7So vart han sedd av Jakob, so av alle apostlarne. 8Men aller sist vart han og sedd av meg som av det ufullbore foster. 9For eg er den ringaste av apostlarne, og er ikkje verdig til å heita apostel, av di eg forfylgde Guds kyrkja. 10Men av Guds nåde er eg det som eg er, og hans nåde mot meg hev ikkje vore til fåfengs; men meir enn dei alle hev eg verka, då ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. 11Anten det då er eg eller dei andre, soleis forkynner me, og soleis kom de til trui. 12Men når det er forkynt um Kristus at han er uppstaden frå dei daude, kor kann då sume millom dykk segja at det er ingi uppstoda av daude? 13Men er det ingi uppstode av daude, so er ikkje Kristus heller uppstaden. 14Men er ikkje Kristus uppstaden, so er vår forkynning fåfengd, so er og dykkar tru fåfengd. 15Me vert då og funne som falske vitne um Gud, då me hev vitna imot Gud, at han hev vekt upp Kristus, som han då ikkje hev vekt upp, det vil segja, so framt dei daude ikkje stend upp. 16For stend ikkje dei daude upp, so er ikkje Kristus heller uppstaden. 17Men er ikkje Kristus uppstaden, so er trui dykkar gagnlaus; so er de endå i synderne dykkar; 18so er og dei fortapte som er avsovna i Kristus. 19Hev me berre i dette liv sett von til Kristus, so er me ynkelegare enn alle menneskje. 20Men no er Kristus uppstaden frå dei daude og hev vorte fyrstegrøda av deim som er avsovna. 21For av di dauden kom ved eit menneskje, so er og uppstoda av daude komi ved eit menneskje. 22For liksom alle døyr i Adam, so skal og alle verta livandegjorde i Kristus. 23Men kvar i sin stad: Kristus er fyrstegrøda, so skal dei som høyrer Kristus til, verta livandegjorde i hans koma. 24So kjem enden, når han gjev riket til Gud og Faderen, når han fær gjort magt og all yverråd og alt velde til inkjes. 25For han skal vera konge, til dess han fær lagt alle sine fiendar under sine føter. 26Den siste fienden som vert tynt, er dauden; 27for han hev lagt alle ting under hans føter. Men når han segjer at alt er honom underlagt, so er det klårt at han som hev lagt alt under honom, er undanteken. 28Men når alt er honom underlagt, so skal og Sonen sjølv gjeva seg under honom som hev lagt alt under honom, so Gud skal vera alt i alle. 29Kva gjer då dei som let seg døypa for dei daude? Dersom dei daude i det heile ikkje stend upp, kvi let dei seg då døypa for deim? 30Kvi set og me oss i fåre kvar time? 31Eg døyr kvar dag, so visst som eg kann rosa meg av dykk, brør, i Kristus Jesus, vår Herre. 32Var det på menneskjeleg vis eg stridde med villdyr i Efesus, kva gagna det meg då? Dersom dei daude ikkje stend upp, «so lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me!» 33Far ikkje vilt! Låkt samlag spiller gode seder. 34Vakna retteleg upp og synda ikkje! for sume hev ikkje kunnskap um Gud; til dykkar skam segjer eg det. 35Men ein kunde segja: «Korleis stend dei daude upp? og kva slag likam kjem dei fram med?» 36Du uvituge! det som du sår, vert ikkje livandegjort, utan det døyr. 37Og når du sår, sår du ikkje den likamen som skal koma, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38Men Gud gjev det ein likam so som han hev vilja, og kvart slag sæde sin eigen likam. 39Ikkje alt kjøt er det same kjøt; men eitt er kjøt i menneskje, eit anna kjøt i fe, eit anna i fugl, eit anna i fisk. 40Og det finst himmelske likamar og jordiske likamar; men ein herlegdom hev dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41Ein glans hev soli, og ein annan månen, og ein annan stjernorne; for den eine stjerna skil seg frå den andre i glans. 42Soleis er det og med uppstoda av dei daude. Det vert sått i forgjengelegdom, det stend upp i uforgjengelegdom. 43Det vert sått i vanæra, det stend upp i herlegdom; det vert sått i vanmagt, det stend upp i kraft. 44Det vert sått ein naturleg likam, det stend upp ein åndeleg likam. So visst som det finst ein naturleg likam, so finst det og ein åndeleg likam. 45Soleis stend det og skrive: «Det fyrste menneskje Adam vart til ei livande sjæl;» den siste Adam hev vorte til ei livgjevande Ande. 46Men det åndelege er ikkje det fyrste, men det naturlege, so det åndelege. 47Det fyrste menneskje var frå jordi, jordisk; det andre menneskje er frå himmelen. 48Slik som den jordiske var, so er og dei jordiske, og slik som den himmelske er, so skal og dei himmelske vera. 49Og liksom me hev bore bilætet av den jordiske, so skal me og bera bilætet av den himmelske. 50Men det segjer eg, brør, at kjøt og blod kann ikkje erva Guds rike, ikkje heller erver forgjengelegdom uforgjengelegdom. 51Sjå, eg segjer dykk ein løyndom: Me skal ikkje alle sovna av, men me skal alle verta umskapa, 52i hast, i ein augneblink, ved den siste luren; for luren skal ljoda, og dei daude skal standa upp uforgjengelege, og me skal verta umskapa. 53For dette forgjengelege må verta iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege iklædt udøyelegdom. 54Men når dette forgjengelege er iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege er iklædt udøyelegdom, då vert det ordet uppfyllt som stend skrive: «Dauden er gløypt til siger.» 55«Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger?» 56Men brodden i dauden er syndi; men krafti i syndi er lovi. 57Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58Difor, mine kjære brør, ver faste og uruggelege, alltid rike i Herrens gjerning, då de veit at dykkar arbeid er ikkje fåfengt i Herren!