1Trå etter kjærleiken, stræva etter dei åndelege gåvor, men mest etter å tala profetisk! 2For den som talar med tunga, talar ikkje for menneskje, men for Gud; for ingen skynar det, men han talar løyndomar i Anden. 3Men den som talar profetisk, han talar for menneskje til uppbyggjing og påminning og trøyst. 4Den som talar med tunga, uppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, uppbyggjer kyrkjelyden. 5Endå vilde eg at de alle kunde tala med tungor, men heller at de kunde tala profetisk; for den som talar profetisk, er større enn den som talar med tungor, utan so er at han uttyder det, so kyrkjelyden kann få uppbyggjing av det. 6Og no, brør, um eg kjem til dykk og talar med tungor, kva kann eg då gagna dykk, um eg ikkje talar til dykk anten med openberring eller med kunnskap anten med profetord eller med læra? 7Dersom dei livlause ting som gjev ljod, anten det er ei fløyta eller ei harpa, ikkje gjer skilnad på tonar, korleis kann ein då skyna det som vert spela på fløyta eller på harpa? 8Og um ein stridslur gjev uklår ljod, kven lagar seg då til strid? 9Soleis og med dykk: um de med tunga ikkje talar tydelege ord, korleis kann ein då skyna det som vert tala? De talar då burt i veret. 10So mange slag mål er der no visst i verdi, og ikkje noko av deim er utan meining. 11Um eg då ikkje kjenner meiningi i målet, vert eg ein framand for den talande, og den talande ein framand for meg. 12Soleis og med dykk: når de strevar etter dei åndelege gåvor, so søk å få deim i rikt mål til uppbyggjing for kyrkjelyden. 13Difor skal den som talar med tunga, beda um at han må kunna tyda det! 14For um eg bed med tunga, so bed mi ånd; men mitt vit er utan frukt. 15Korleis er det då? Eg vil beda med åndi, men eg vil og beda med vitet; eg vil lovsyngja med åndi, men eg vil og lovsyngja med vitet. 16For dersom du lovar Gud med åndi, kor kann då nokon millom dei ukunnige segja amen til di takkebøn? Han veit ikkje kva du segjer. 17For du held vel ei fager takkebøn, men den andre vert ikkje uppbygd. 18Eg takkar Gud: eg talar meir med tunga enn de alle; 19men i ein kyrkjelyd vil eg heller tala fem ord med vitet mitt, so eg kann læra andre, enn ti tusund ord med tunga. 20Brør, ver ikkje born i vit! ver derimot born i vondskap; men ver fullvaksne i vit! 21Det stend skrive i lovi: «Ved folk som hev framand tunga, og ved framande lippor vil eg tala til dette folket, og endå skal dei ikkje høyra på meg, segjer Herren.» 22So er då tungorne til eit teikn, ikkje for deim som trur, men for dei vantruande; men profettalen er ikkje for dei vantruande, men for deim som trur. 23Um då heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar med tungor, men det kjem inn ukunnige eller vantruande, vil dei ikkje då segja at de er frå vitet? 24Men um alle talar profetisk, og det kjem inn ein vantruande eller ukunnig, so vert han refst av alle, dømd av alle, 25det løynde i hans hjarta vert openberra, og so vil han falla på sitt andlit og tilbeda Gud og vitna at Gud er sanneleg millom dykk. 26Korleis er det då, brør? Når de kjem saman, hev kvar av dykk ein salme, ein lærdom, ei openberring, ei tunga, ei tyding; lat alt vera til uppbyggjing! 27Talar nokon med tunga, so lat det vera tvo eller i det høgste tri kvar gong, og ein i senn, og ein må tyda det! 28Men er det ingen som kann tyda, so tegje han i kyrkjelyden, men for seg sjølv og for Gud tale han! 29Men av profetar tale tvo eller tri; men dei andre må døma um det! 30Men um ein annan fær ei openberring medan han sit der, so skal den fyrste tegja. 31For de kann alle tala profetisk, ein i senn, so alle kann få lærdom, alle få påminning. 32Og profetånder er profetar lyduge. 33For Gud er ikkje ustyrs Gud, men freds Gud. 34Liksom i alle kyrkjelydarne hjå dei heilage, so skal kvinnorne dykkar tegja i kyrkjesamlingarne; for dei hev ikkje lov til å tala, men må vera undergjevne, so som og lovi segjer. 35Men vil dei læra noko, so lyt dei spyrja sine eigne menner heime; for det er usømelegt for ei kvinna å tala i kyrkjesamling. 36Eller er Guds ord utgjenge frå dykk? Eller er det kome berre til dykk? 37Trur nokon at han er profet eller åndeleg, so må han skyna at det eg skriv til dykk, er Herrens bod. 38Men um nokon ikkje skynar det, so fær han lata det uskyna. 39Difor, brør, stræva etter å kunna tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tungor! 40Men lat alt ganga sømeleg og skipeleg til!