1Men um dei åndelege gåvor vil eg ikkje at de skal vera uvitande, brør! 2De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudarne, etter som de vart dregne. 3Difor kunngjer eg dykk, at ingen som talar i Guds Ande, segjer: «Forbanna er Jesus,» og ingen kann segja: «Jesus er Herre,» utan i den Heilage Ande. 4Det er skil på nådegåvor, men Anden er den same. 5Og det er skil på tenestor, men Herren er den same. 6Og det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, som verkar alt i alle. 7Men openberringi av Anden fær kvar og ein til det som er gagnlegt. 8For ein fær visdoms tale ved Anden, men ein annan kunnskaps tale ved den same Ande; 9ein annan tru ved den same Ande, ein annan nådegåvor til å lækja ved den same Ande; 10ein annan kraft til å gjera under, ein annan profetgåva, ein annan gåva til å prøva ånder, ein annan ymse tungor, ein annan tyding av tungor. 11Men alt dette verkar ein og den same Ande, som skifter ut til kvar for seg, etter som han vil. 12For liksom likamen er ein og hev mange lemer, men alle lemerne på likamen er ein likam, endå dei er mange, soleis er det og med Kristus. 13For i ein Ande er me alle døypte til å vera ein likam - anten me er jødar eller grækarar eller trælar eller frie - og alle hev me fenge drikka ein Ande. 14For likamen er ikkje heller ein lem, men mange. 15Um foten vilde segja: «Då eg ikkje er hand, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer han då like fullt med til likamen. 16Og um øyra vilde segja: «Då eg ikkje er auga, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer det då like fullt med til likamen. 17Dersom heile likamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti? 18Men no hev Gud sett lemerne, kvar ein av dei på likamen, so som han vilde. 19Men dersom dei alle var ein lem, kvar vart det då av likamen? 20Men no er det mange lemer, men ein likam. 21Auga kann ikkje segja til handi: «Eg treng ikkje til deg,» eller hovudet til føterne: «Eg treng ikkje til dykk.» 22Men tvert imot: dei lemerne på likamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege. 23Og dei lemerne på likamen som syntest oss mindre æra verde, deim klæder me med større æra; og dei lemerne våre som me blygjest ved, deim klæder me med større blygd. 24Men dei lemerne våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett likamen soleis saman, at han gav det ringaste størst æra, 25so det ikkje skal vera tvidrag i likamen, men at lemerne skal hava same umsut for kvarandre. 26Og um ein lem lid, so lid alle lemerne med, eller um ein lem vert heidra, so gled alle lemerne seg med. 27Men de er Kristi likam og lemer, kvar etter sin lut. 28Og Gud sette i kyrkja fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tridje lærarar, so kraftige verk, so nådegåvor til å lækja, til å hjelpa, til å styra, so ymse tungor. 29Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle kraftige verk? 30Hev alle nådegåvor til lækja? Kann alle tala med tungor? Kann alle tyda deim? 31Men streva etter dei største nådegåvor! Og eg skal visa dykk ein endå betre veg.