1Og heile Israel vart innførte i ættarlista, og no er dei uppskrivne i boki åt Israels-kongarne. Og Juda vart førd i utlægd til Babel for sin utruskap skuld. 2Men det fyrre landsfolket som budde på eigedomen sin, i byarne sine; var vanlege israelitar, prestar, levitar og tempelsveinar. 3I Jerusalem budde nokre av Juda-sønerne, av Benjamins-sønerne og av Efraims- og Manasse-sønerne; det var: 4Utai, son åt Ammihud, son åt Omri, son åt Imri, son åt Bani, av borni åt Peres Judason; 5av silonitarne: Asaja, den eldste, og sønerne hans; 6og av Zerahs-sønerne: Je’uel og brørne deira, seks hundrad og nitti; 7av Benjamins-sønerne: Sallu, son åt Mesullam, son åt Hodavja, son åt Hassenua, 8og Jibneja, son åt Jeroham, og Ela, son åt Uzzi, son åt Mikri, og Mesullam, son åt Sefatja, son åt Re’uel, son åt Jibnija, 9og brørne deira etter ætterne sine, ni hundrad og seks og femti. Alle desse mennerne var hovdingar for ættgreiner, kvar for si ættgrein. 10Og av prestarne: Jedaja og Jojarib og Jakin 11og Azarja, son åt Hilkia, son åt Mesullam, son åt Sadok, son åt Merajot, son åt Ahitub, hovdingen i Guds hus, 12og Adaja, son åt Jeroham, son åt Pashur, son åt Malkia, og Masai, son åt Adiel, son åt Jahzera, son åt Mesullam, son åt Mesillemit, son åt Immer, 13og brørne deira, hovdingar for ættgreinerne sine, eitt tusund og sju hundrad og seksti, dugande menner til å gjera tenesta i Guds hus. 14Og av levitarne: Semaja, son åt Hassub, son åt Azrikam, son åt Hassabja, av Merari-sønerne, 15og Bakbakkar, Heres og Galal og Mattanja, son åt Mika, son åt Zikri, son åt Asaf, 16og Obadja, son åt Semaja, son åt Galal, son åt Jedutun, og Berekja, son åt Asa, son åt Elkana, som budde i netofatit-bygderne. 17Og dørvaktarane: Sallum og Akkub og Talmon og Ahiman og brørne deira; Sallum var hovdingen. 18Og endå vaktar dei kongeporten, på austsida. Desse var dørvaktarar i levitlægri. 19Men Sallum, son åt Kore, son åt Ebjasaf, son åt Korah, og brørne hans som var av ættgreini hans, korahitarne, hadde den tenesta å halda vakt ved dørstokken til tjeldet; for federne deira hadde vakta inngangen til Herrens læger. 20Og Pinhas, son åt Eleazar, var i gamle dagar forstandaren deira; Herren var med honom! 21Zakarja, son åt Meselemja, var dørvaktar ved møtetjelddøri. 22Alle desse var utvalde til dørvaktarar, tvo hundrad og tolv mann. Dei var uppskrivne i ættarlista i bygderne sine. David og sjåaren Samuel hadde sett deim til å tena på tru og æra. 23Dei og sønerne deira stod difor ved dørerne åt Herrens hus, tjeldhuset, og heldt vakt. 24Etter dei fire himmelætterne stod dørvaktarane, mot aust, mot vest, mot nord og mot sud. 25Og brørne deira, som budde i bygderne sine, skulde møta fram hjå deim sjuande kvar dag, og alltid på same timen. 26For desse fire var på tru og æra sette formenner for dørvaktarane. Dette var no levitarne. Dei hadde og tilsyn med kovarne og buderne i Guds hus. 27Og dei heldt til rundt ikring Guds hus um natti; for det låg på deim å halda vakt, og dei skulde lata upp dørerne kvar morgon. 28Sume av deim såg til med arbeidsgognerne. Dei tok då tal på deim, både når dei bar deim inn, og når dei bar deim ut. 29Og sume av deim var sette til å hava tilsyn med dei andre gognerne, alle dei andre gognerne i heilagdomen, og med det fine mjølet og vinen og oljen og røykjelsen og kryddorne. 30Men nokre av prestesønerne laga kryddesalven. 31Og Mattitja, ein av levitarne, eldste son åt korahiten Sallum, hadde på tru og æra tilsynet med brødbakstren. 32Og nokre av kahatitarne, brørne deira, såg til med skodebrødi og skulde laga deim til for kvar kviledag. 33Dette var songarane, hovdingar for levitættar; dei slapp å gjera anna arbeid, og heldt til i kovarne; for dei laut halda på med sine eigne gjeremål natt og dag. 34Dette var hovdingar for ættgreinerne av levitarne, hovdingar etter si ætt; dei budde i Jerusalem. 35I Gibeon budde Je’uel, far hans Gibeon, og kona hans heitte Ma’aka. 36Og den fyrste son hans var Abdon; og so Sur, Kis, Ba’al, Ner og Nadab, 37Gedor og Ahjo, Zakarja og Miklot. 38Men Miklot fekk sonen Simeam. Dei og budde i lag med brørne sine i Jerusalem, midt fyre brørne sine. 39Og Ner fekk sonen Kis, og Kis fekk sonen Saul, og Saul fekk sønerne Jonatan og Malkisua, Abinadab og Esba’al. 40Son åt Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika. 41Sønerne hans Mika var Piton og Melek og Tahrea. 42Ahaz fekk sonen Jara, og Jara fekk sønerne Alemet, Azmavet og Zimri, og Zimri fekk sonen Mosa. 43Mosa fekk sonen Bina. Hans son var Refaja; hans son var Elasa; hans son var Asel. 44Og Asel hadde seks søner, og namni deira var: Azrikam, Bokeru, Ismael, Searja, Obadja og Hanan. Dette var sønerne åt Asel.