1Og Benjamin fekk sonen Bela, som var eldst; Asbel var den andre og Ahrah den tridje, 2Noha den fjorde, og Rafa den femte. 3Bela hadde desse sønerne: Addar og Gera og Abihud 4og Abisua og Na’aman og Ahoah 5og Gera og Sefufan og Huram. 6Og desse var sønerne åt Ehud - og dei var ættarhovdingar for Geba-buarne som vart burtførde til Manahat, 7dit Na’aman og Ahia og Gera, førde deim -: han fekk sønerne Uzza og Ahihud. 8Og Saharajim fekk born i Moablandet etter han hadde sendt frå seg Husim og Ba’ara, konorne sine. 9Med Hodes, kona si, fekk han sønerne Jobab og Sibja, Mesa og Malkam 10og Je’us og Sakja og Mirma; desse var sønerne hans, ættarhovdingar. 11Med Husim hadde han fenge Abitub og Elpa’al. 12Og sønerne hans Elpa’al var Eber og Misam og Semed. Det var han som bygde Ono og Lod og bygderne ikring - 13og Beria og Sema var ættarhovdingarne for Ajjalon-buarne og dreiv burt Gat-buarne, 14og Ahjo, Sasak og Jeremot 15og Zebadja og Arad og Eder, 16Mikael og Jispa og Joha var søner åt Beria. 17Og Zebadja, Mesullam, Hizki, Heber, 18Jismerai, Jizlia og Jobab var sønerne hans Elpa’al. 19Og Jakim, Zikri, Zabdi, 20Elienai og Silletai og Eliel, 21Adaja, Beraja og Simrat var sønerne hans Sime’i. 22Jispan, Eber, Eliel, 23Abdon, Zikri, Hanan, 24Hananja, Elam, Antotia, 25Jifdeja og Penuel var sønerne hans Sasak. 26Og Samserai, Seharja, Atalja, 27Ja’aresja, Elia og Zikri var sønerne hans Jeroham. 28Desse var hovdingar for ættgreiner, hovdingar etter si ætt; dei budde i Jerusalem. 29I Gibeon budde far åt Gibeon, og kona hans heitte Ma’aka. 30Og den fyrste son hans var Abdon; deretter Sur og Kis og Ba’al og Nadab 31og Gedor, Ahjo og Zeker. 32Men Miklot fekk sonen Simea. Dei og budde i lag med brørne sine i Jerusalem, midt fyre brørne sine. 33Og Ner fekk sonen Kis, og Kis fekk sonen Saul, og Saul vart far åt Jonatan og Malkisua, Abinadab og Esba’al. 34Son åt Jonatan heitte Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika. 35Sønerne hans Mika var Piton, Melek, Tarea og Ahaz. 36Ahaz fekk sonen Joadda, og Joadda fekk sønerne Alemet, Azmavet og Zimri, og Zimri var far åt Mosa. 37Mosa vart far åt Bina. Hans son var Rafa; hans son var Elasa; hans son var Asel. 38Og Asel hadde seks søner, og namni deira var Azrikam, Bokeru, Ismael, Searja, Obadja og Hanan. Alle desse var søner åt Asel. 39Og sønerne åt Esek, bror hans, var Ulam, som var eldst, Je’us, den andre, og Elifelet, den tridje. 40Og sønerne hans Ulam var stridsføre hermenner, som spente boge, og dei hadde mange søner og sonesøner, hundrad og femti i talet. Alle desse var Benjamins-søner.