1Um skifti som dørvaktarar var skifte i, er å segja: Av korahitarne var Meselemja, son åt Kore, av Asafs-sønerne. 2Og Mesemlja hadde søner: Zakarja var den eldste, Jediael den andre, Zebadja den tridje, Jatniel den fjorde, 3Elam den femte, Johanan den sette, Eljoenai den sjuande. 4Og Obed-Edom hadde søner: Semaja var den eldste, Jozabad den andre, Joah den tridje, Sakar den fjorde, Netanel den femte, 5Ammiel den sette, Issakar den sjuande, Pe’ulletai den åttande; for Gud hadde velsigna honom. 6Og Semaja, son hans, fekk og søner, som vart styrarar i ætti si; for dei var duglege menner. 7Sønerne hans Semaja heitte Otni og Refael og Obed, Elzabad og brørne hans, dugande menner, Elihu og Semakja. 8Alle desse var ætta frå Obed-Edom, dei sjølve og sønerne og brørne deira, dugande og sterke menner i tenesta, - tvo og seksti av Obed-Edom. 9Meselemja hadde og søner og brør, duglege menner, i alt attan. 10Og Hosa av Merari-sønerne hadde søner: Simri var fyrstemannen - han var vel ikkje den eldste; men far hans sette honom til hovding - 11Hilkia var den andre, Tebalja den tridje, Zakarja den fjorde. Alle sønerne og brørne hans Hosa var trettan. 12Desse dørvaktar-skifti, det vil segja ættarhovdingarne, vart no sette til vakttenesta i Herrens hus, jamsides med frendarne sine. 13Og um kvar port drog dei strå, den minste som den største, etter ættgreinene sine. 14Romet ved austporten kom på Selemja; og dei drog strå for Zakarja, son hans, ein vitug rådgjevar, og etter strået vart hans rom i nord. 15På Obed-Edom fall romet ved sudporten, soleis at sønerne hans fekk budi på sin part. 16For Suppim og Hosa viste strået på romet i vest ved Salleket-porten, der vegen gjeng uppetter, den eine vaktposten attmed den andre. 17Mot aust var det seks levitar, mot nord fire for kvar dag, mot sud fire for kvar dag, og ved budi tvo um gongen. 18Ved Parbar mot vest stod fire attmed vegen, og tvo ved sjølve Parbar. 19Dette var dørvaktar-skifti av korahitsønerne og av Merari. 20Og av levitarne hadde Ahia-sønerne tilsyn med skattarne i Guds hus og tok vare på dei ting som var vigde åt Herren. 21Sønerne åt Ladan, det vil segja gersonitsønerne av Ladans-ætti, hovdingarne for gersoniten Ladans ættgreinene var jehielitarne. 22Jehielit-sønerne Zetam og Joel, bror hans, hadde tilsyn med skattarne i Guds hus. 23Um amramitarne, jisharitarne, hebronitarne og ozzielitarne er det å segja: 24Sebuel, son åt Gersom Mosesson, var øvste tilsynsmannen yver skattarne. 25Og frendarne hans av Eliezers-ætti var Rehabja Eliezersson, og son hans heitte Jesaja, og hans son var Joram, og hans son Zikri, og hans son Selomot. 26Denne Selomot og brørne hans hadde tilsyn med alt det godset som kong David og like eins ættarhovdingarne, yver- og underhovdingar og herhovdingar hadde vigt åt Herren. 27Frå ufreden og av herfanget hadde dei vigt det til å halda Herrens hus i stand. 28Og like eins alt det som sjåaren Samuel og Saul Kisson og Abner Nersson og Joab Serujason hadde vigt; kvar og ein som vigde noko, let Selomot og brørne hans taka vare på det. 29Av jisharitarne vart Kenanja og sønerne hans sette til dei verdslege gjeremåli i Israel, til å vera tilsynsmenner og domarar. 30Av hebronitarne vart Hasabja og brørne hans, syttan hundrad menner, sette til stjorn i Israel, i landet vest for Jordan, til alle slags gjeremål åt Herren og til kongen tenesta. 31Til hebronitarne høyrde Jeria, hovdingen for hebronitarne etter deira ættgreiner og huslydar; i det fyrtiande styringsåret åt Davids vart dei yversedde, og det fanst då dugande folk hjå dei i Jazer i Gilead. 32Brørne hans, duglege menner, var tvo tusund og sju hundrad hovud for huslydar; deim sette kong David yver rubenitarne, gaditarne og den halve Manasse-ætti, til å greida med alle Guds og kongens målemne.