1Sidan bar det so til at Nahas, kongen åt Ammons-sønerne, døydde, og son hans vart konge etter honom. 2Då sagde David: «Eg vil syna Hanun Nahasson venskap, etter di far hans syne meg venskap.» Og David skikka sendemenner til å trøysta honom i hans sorg etter faren. Tenarane hans David kom då til landet åt Ammons-sønerne, til Hanun, og vilde trøysta honom. 3Då sagde hovdingarne for Ammons-sønerne til Hanun: «Trur du at David vil æra far din med det at han sender trøystarar til deg? Nei, det er til å gjera seg kjende i landet, til å øydeleggja og spæja det ut, at tenararne hans er komne til deg.» 4Då tok Hanun tenararne åt David og let raka deim og skjera av klædi deira på midten rett upp åt med sætet, og let deim so fara. 5Og det kom folk til David med tidend um mennerne; då sende han bod imot deim; for mennerne var groveleg svivyrde. Og kongen let segja: «Ver i Jeriko til dess skjegget dykkar er utvakse, og kom so heim att.» 6Då no Ammons-sønerne skyna at dei hadde gjort David hatig på seg, sende Hanun og ammonitarne tvo og eit halvt tusund vågar sylv til å leiga seg vogner og hestfolk for frå Mesopotamia, frå Aram-Ma’aka og frå Soba. 7Dei leigde seg tvo og tretti tusund vogner og dertil hjelp hjå kongen i Ma’aka og hans folk; dei kom og lægra seg framfor Medba. Ammonitarane samla seg og or byarne sine og tok ut til strid. 8Då David høyrde det, sende han Joab i veg med heile heren, dei djervaste hermennerne. 9Og Ammons-sønerne drog ut og fylkte seg framfor byporten; men kongarne som var komne dit, stod for seg sjølve på opi mark. 10Då Joab såg at han hadde fiendar både frampå og bak, gjorde han eit utval millom det utvalde mannskapet, og so fylkte han deim imot syrarane. 11Men hitt folket han gav han yver til Absai, bror sin, og dei fylkte seg beint imot ammonitarne. 12Og han sagde: «I fall syrarane vinn på meg, so skal du koma meg til hjelp; og vinn Ammons-sønerne på deg, skal eg hjelpa deg. 13Ver no djerv; ja, lat oss syna manndom i striden for folket vårt og for byarne åt vår Gud! Og so fær Herren gjera det som han tykkjer best.» 14So gjekk Joab fram med folket sitt til strid mot syrarane, og dei rømde for honom. 15Men då ammonitarne såg at syrarane rømde, so flydde dei og for Absai, bror hans, og drog seg inn i byen. Då for Joab heim til Jerusalem. 16Då syrarane såg at dei hadde roke for Israel, sende dei bod til syrarane som budde på hi sida åt elvi, at dei skulde taka ut med Sofak til herførar; han var hovudsmann hjå Hadarezer, 17Då David spurde dette, samla han heile Israel og gjekk yver Jordan, og då han kom fram til deim, fylkte han heren til strid imot syrarane, og so gav dei seg til å strida mot honom. 18Men syrarane rømde for Israel, og David hogg ned hermennerne på sju tusund vogner og fyrti tusund mann fotfolk av syrarane; herhovdingen Sofak felte han og. 19Då tenarane åt Hadarezer såg at dei hadde roke for israelitarne, gjorde dei fred med David og vart tenarane hans. Då vilde ikkje syrarane hjelpa ammonitarne meir.